1.5.8 Krev du frådrag i skatt for kostnader til godkjent/godkjende forskings¬ og utviklingsprosjekt (FoU)?

Post 1.5.8 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten svarer du Ja dersom du krev frådrag i skatt for kostnader knytte til eit forskings- og utviklingsprosjekt som næringsverksemda di har fått godkjent av Noregs forskingsråd. Det blir gitt frådrag i skatt i tillegg til frådrag i inntekt for kostnadene.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har kostnader knytte til eit godkjent forskings- og utviklingsprosjekt og driv næringsverksemd, til dømes

  • Aksjeselskap
  • Selskap med deltakarfastsetjing
  • Enkeltpersonføretak
  • Utanlandske føretak med skattepliktig verksemd i Noreg

Prosjektet må vere godkjent av Noregs forskingsråd.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Når du leverer, hukar du av for Ja i denne posten.

Logg inn og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.