1.6.1 Positiv utrekna personinntekt – fiske og familiebarnehage i eigen heim

Post 1.6.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna personinntekt frå næring innan fiske og innan familiebarnehage i eigen heim, gitt opp i skjema RF-1224. Beløpet kan også komme fra post 119 i RF-1213 Fiske.

I tillegg fører du utrekna personinntekt frå motteken lott frå fiske og fangst gitt opp i skjema RF-1213. I denne posten fører du òg utrekna personinntekt på resterande inntektsføring ved opphøyr av næring innan fiske og innan familiebarnehage i eigen heim frå skjemaa RF-1219 og RF-1084.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som

  • driv næring som fiskar, og som har utrekna personinntekt
  • driv næring som fiskar, og som har utrekna personinntekt som blir fordelt mellom ektefellar
  • har motteke lott frå fiske eller drive med fiske eller fangst på havet eller langs kysten (føresetnad: minst 130 dagars deltaking i gjennomsnitt per år (RF-1213 Fiske))
  • driv familiebarnehage eller er dagmamma i eigen heim, og som har utrekna personinntekt
  • driv familiebarnehage i eigen heim, og som har utrekna personinntekt som blir fordelt mellom ektefellar
  • har næring innan fiske eller familiebarnehage som no har opphøyrt, og som har ein gevinst som blir skattlagd over fleire år med bruk av RF-1219 Gevinst og tapskonto
  • har næring innan fiske eller familiebarnehage som no har opphøyrt, og som har ein negativ saldo i RF-1084 Avskriving i saldogruppene a, c, d og/eller j, som inntektsfører med ein prosentdel tilsvarande maksimal avskrivingssats kvart år

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Eg driv næring innan fiske og/eller familiebarnehage i eigen heim (RF-1224)

I posten fører du summen frå post 1.35 i skjema RF-1224 Personinntektsskjema.

Når du leverer elektronisk, blir summen i post 1.6.1 automatisk overført frå skjema RF-1224.

Fordele mellom ektefellar

Personinntekt skal fordelast mellom ektefellar ut frå arbeidsinnsats. Post 1.10 må då fyllast ut av begge ektefellane. Dersom ektefellane driv ulike verksemder som ikkje kan bruke same skjema, må kvar ektefelle levere kvart sitt skjema (RF-1224).

Eg skal levere RF-1219 Gevinst- og tapskonto (RF-1219)

Har du næring som har opphøyrt, og ein gevinst som skal skattleggjast, fører du summen frå post 15b i skjema RF-1219. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 1.6.1 automatisk overført frå skjema RF-1219.

Eg skal levere RF-1084 Avskriving

Har du næring som har opphøyrt, og ein negativ saldo, fører du summen frå post 110a i skjema RF-1084. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 1.6.1 automatisk overført frå skjema RF-1084.

Teke imot lott og/eller arbeidd fullt på havet eller langs kysten (RF-1213)

I posten fører du summen frå post 119 i skjema RF-1213. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 1.6.1 automatisk overført frå skjema RF-1213.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.