1.7.4 Arbeidsgodtgjersle frå KS, ANS o.a. – anna næring (RF-1221)

Post 1.7.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna personinntekt/arbeidsgodtgjersle frå skjemaet RF-1221 Deltakaren si oppgåve over eigen formue og inntekt i deltakarlikna selskap. Posten gjeld inntekt frå eit selskap med deltakarfastsetjing (KS, ANS, DA, indre selskap o.a.) innan kategorien Anna næring.

Gjeld posten meg?

Post 1.7.4 gjeld alle som er deltakar i eit selskap med deltakarfastsetjing innan kategorien Anna næring, og som har arbeidsgodtgjersle i RF-1221, post 1162. 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Før beløpet frå post 1162 i skjema RF-1221 opp i posten. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 1.7.4 automatisk overført frå skjema RF-1221.

Fordele mellom ektefellar

Når arbeidsgodtgjersle skal fordelast mellom ektefellar, fører den ektefellen som leverer RF-1221, sin del i post 1.7.4. Den andre ektefellen fører sin del i post 1.7.8.

Logg inn og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.