2.1.4 Overskot på godtgjersle

Post 2.1.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har fått i overskot på utgiftsgodtgjersle, det vil seie utbetalt godtgjersle utover staten sine satsar. Godtgjersla kan gjelde diett, bil, heimekontor med meir. Beløpet er normalt fylt ut med det som er rapportert inn av arbeidgivar, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Dersom du har fått betalt meir enn staten sine satsar for utgifter du har hatt i samband med jobben, er overskotet skattepliktig og skal førast i denne posten. Dette gjeld ikkje når du har lagt ut pengar for arbeidsgivaren din som du har fått tilbake, til dømes dersom du har kjøpt inn blomster.

Døme:

Du har overnatta på hotell med frukost og har fått 750 kroner i kostgodtgjersle per dag frå arbeidsgivar. Staten sin sats for overnatting på hotell med frukost er 568 kroner per dag.

  Kostgodtgjersla du har fått 

750 kroner

- Staten sin sats for overnatting på hotell med frukost

568 kroner

= Overskot som er skattepliktig 182 kroner

Satsar og nøkkeltal

Dette er nokre av staten sine satsar. Du finn ei komplett liste på Takseringsregelen § 1-2-1 til 1-2-10. Dersom du får dekt meir enn dette av arbeidsgivar, er overskotet skattepliktig.

Satsar for kost:

Staten sine satsar for meirkostnader til kost avheng av korleis du bur.

  • Hotell med frukost: 568 kroner per døgn.
  • Hotell utan frukost: 710 kroner per døgn.
  • Bustad med kokemoglegheiter: 200 kroner per døgn.
  • Bustad utan kokemoglegheiter: 307 kroner per døgn.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt førehandsutfylt med overskotet du har teke imot. Beløpa baserer seg på kva den som har utbetalt pengar til deg, har rapportert inn,så kontroller at dei er rette.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i samanstillinga du får frå arbeidsgivaren eller utbetalaren. 

Dei faktiske kostnadene dine er høgare

Dersom du meiner at dei faktiske kostnadene dine er høgare, slik at overskotet skal reduserast, må du endre beløpet i posten. Du bør òg kontakte arbeidsgivaren for at årsoppgåva skal bli rett. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar beløpet og vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere dei faktiske utgiftene du har hatt. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.