2.1.5 Anna arbeidsinntekt

Post 2.1.5 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du skattepliktig inntekt frå arbeid som ikkje er næringsinntekt, til dømes salsinntekter eller arbeidsvederlag frå handverks- og husflidsarbeid i heimen eller sal av hage- og naturprodukt.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har inntekt frå arbeid og

  • ikkje er næringsdrivande
  • ikkje er lønnsmottakar for det arbeidet

Nokre inntekter har beløpsgrenser for skatteplikta. Les meir om skattefrie småjobbar.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dersom du har hatt utgifter som har kome på i samband med arbeidet, til dømes materialar, trekkjer du dei frå arbeidsinntekta før du fører den resterande inntekta i posten.

Sal av hage- og naturprodukt

Dersom du har salsinntekter frå hage- og naturprodukt (bær, sopp, fisk o.a.), fører du inntekta minus 4000 kroner i posten i staden for å trekkje frå utgifter.

Dersom aktiviteten er næringsverksemd og inntekta utan nokon frådrag (brutto) er på under 50 000 kroner, skal du føre driftsinntekter og -utgifter i post 2.7.6.

Logg inn og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.