2.2.3 Pensjon fra annan EØS-stat som svarer til alderspensjon frå folketrygda og avtalefesta pensjon (AFP) i Noreg

Post 2.2.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du det du har teke imot i utanlandsk pensjon som svarer til norsk alderspensjon eller avtalefesta pensjon (AFP) frå ein annan EØS-stat.

Gjeld posten meg?

Her fører du pensjon frå eit anna EØS-land som svarer til alderspensjon frå folketrygda og avtalefesta pensjon (AFP) som er skattepliktig i Noreg. Med tilsvarande pensjon meiner ein pensjon frå ei allmenn og pliktig pensjonsordning som gjeld alle innbyggjarar i landet. Dersom du tek imot ein slik tilsvarande pensjon frå ein annan EØS-stat, kan du krevje skattefrådrag for pensjonsinntekt på dette grunnlaget.

Pensjon frå ein annan EØS-stat som ikkje oppfyller vilkåra for skattefrådrag for pensjonsinntekt, fører du i post 2.2.2.

Tek du imot pensjon frå land utanfor EØS, fører du også den pensjonen i post 2.2.2. Får du uføreytingar frå utlandet, fører du desse i post 2.1.9.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du må gje opp inntekten i utlandet i post 2.2.3. Dette gjeld sjølv om du allereie har betalt skatt på den utanlandske pensjonen i utbetalingslandet.

 Rettleiing for å endre post 2.2.2 og 2.2.3 i skattemeldinga

Når posten ikkje er fylt ut med noko beløp

I post 2.2.3 fører du:

  • type pensjon
  • tidsrom
  • pensjonsgrad
  • kva land pensjonen blir utbetalt frå
  • beløp i norske kroner, inklusiv eventuelt skattetrekk Ved laupande utbetalingar bruker du gjennomsnittskursen for heile året, og ved enkeltutbetalingar bruker du kursen for utbetalingsdagen. Bruk kursen frå Norges Bank.

Har du betalt skatt på pensjonen i utlandet?

Har du betalt skatt på pensjonen i utlandet, kan du krevje frådrag i norsk skatt. Du må då huke av for "Ja" i post 1.5.6 for kreditfrådrag. Skjema "RF-1147 Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag" skal fyllast ut og leverast saman med skattemeldinga. Leverer du elektronisk blir skjema tilgjengeleg når du svarer "Ja" i posten.

Etterbetaling av utanlandsk pensjon

Fekk du etterbetaling av utanlandske pensjonar, fører du heile beløpet i post 2.2.3, men spesifiser i vedlegg eller post 5.0 kva for år etterbetalinga gjeld (gjerne med utbetalingsvedtaket).

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om utanlandsk pensjon, må du kunne dokumentere dette med oppsummering frå den som har betalt ut ytinga/pensjonen, dersom vi spør.

Dersom vi spør, må du òg kunne dokumentere at pensjonen frå utlandet er utbetalt frå ei allmenn og pliktig pensjonsordning som omfattar alle innbyggjarane i landet.

Dersom du krev kreditfrådrag må utliknet og betalt skatt i det andre landet dokumenteres.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.