2.2.5 Pensjon frå utlandet – skattefri i Noreg

Post 2.2.5 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du opp det du har fått i pensjon frå utlandet som ikkje er skattepliktig i Noreg. Du må gi opp alle inntekter frå utlandet i skattemeldinga. Du må òg gi opp pensjonsinntekter frå utlandet, fordi det verkar inn på utrekninga av skattefrådrag for pensjonsinntekt.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som tek imot pensjon frå utlandet som ikkje er skattepliktig i Noreg.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du må oppgje inntekten i utlandet i post 2.2.5. Dersom ytinga ikkje er fylt ut på førehand, må du føre opp

  • type pensjon
  • tidsrom for ytinga
  • kva land ytinga blir betalt ut frå
  • beløp i norske kroner

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du endrar, slettar eller legg til informasjon om utanlandsk skattefri pensjon, må du kunne dokumentere dette med samanstillinga frå den som har betalt ut ytinga/pensjonen. 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.