Alle temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser nå regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

2.6.2 Anna skattepliktig utbetaling

Post 2.6.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utbetalingar frå livrente i arbeidsforhold (kollektive livrenter) og utanfor arbeidsforhold (individuelle livrenter), skattepliktig etterlønn og etterpensjon, inntekt frå føderåd utanfor jord- og skogbruk og skattepliktige utbetalingar frå legat, stiftingar og liknande.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har teke imot

  • skattepliktig utbetaling frå livrente i og utanfor arbeidsforhold
  • skattepliktig utbetaling frå livrente utanfor arbeidsforhold til barn som er 16 år eller yngre
  • skattepliktig etterlønn og etterpensjon
  • inntekt frå føderåd (kårytingar) utanfor jord- og skogbruk, til dømes verdien av burett

Skattepliktige utbetalingar frå legat og andre skattepliktige regelmessige stønader

Utbetalingar frå livrente i arbeidsforhold (kollektive livrenter) 

Det er berre livrenter oppretta etter 1. januar 2007 som skal førast i denne posten. Skatteplikta gjeld berre den delen av livrenta som går utover tilbakebetalinga av innbetalt premie, dvs. berre avkastninga av livrenta.

Skattepliktige utbetalingar frå livrenter i arbeidsforhold (kollektive livrenter) oppretta før 1. januar 2007, skal førast i post 2.2.2.

Utbetalingar frå livrenter utanfor arbeidsforhold (individuelle livrenter) blir likestilte med kapitalavkastning og skal førast i denne posten og ikkje som pensjon i post 2.2.2.

Skattepliktig etterlønn og etterpensjon etter dødsfall skal førast i denne posten med den delen som overstig 1 ½ gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) på dødsfallstidspunktet.

Inntekt frå føderåd (kårytingar) utanfor jord- og skogbruk 

Dersom du sel ein eigedom og set som vilkår at du skal ha burett på eigedomen som ei erstatning for delar av betalinga, blir buretten/kårytinga skattepliktig. Den årlege verdien (føderådet) av buretten skal førast i denne posten. 

Satsar og nøkkeltal

Grunnbeløp i folketrygda utgjer før 1.mai 2016 -  90 068 kroner (1 ½ G 135 102 kroner) og etter 1.mai 2016 - 92 576 kroner (1 ½ G 138 864 kroner).

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Utbetaling av livrenter i og utanfor arbeidsforhold

Posten er normalt fylt ut på førehand med beløp du har teke imot. Beløpa baserer seg på kva forsikringsselskap har rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva du får frå utbetalaren i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Dersom det manglar informasjon, bør du òg kontakte forsikringsselskapet for at årsoppgåva skal bli rett.

Inntekt frå føderåd (kårytingar) utanfor jord- og skogbruk

Fyll inn namn på betalaren og beløp i posten. Du finn verdien av føderådsytinga i overtakings-/salsavtalen for eigedomen det gjeld. Du kan bruke underposten merkt «skattepliktig utbetaling frå livrenter i og utanfor arbeidsforhold».

Skattepliktige utbetalingar frå legat og andre skattepliktige regelmessige stønader

Posten er normalt fylt ut på førehand med beløp du har teke imot. Beløpa baserer seg på kva legatet, stiftinga o.l. har rapportert inn, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva du får frå legatet, stiftinga eller liknande i januar. Dersom beløpet er feil, må du ta kontakt med utbetalaren. Dersom beløpet ikkje er rapportert inn, kan du bruke underposten merkt «skattepliktig utbetaling frå livrenter i og utanfor arbeidsforhold».

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Du kan dokumentere storleiken på føderådsytinga med overtakings-/salskontrakt frå overtakingstidspunktet.

Dersom du endrar på posten som er allereie er fylt ut, må du kunne dokumentere dette med årsoppgåve frå utbetalaren.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.