2.7.13 Sjukepengar til fiskar og næringsdrivande

Post 2.7.13 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har teke imot i sjukepengar som næringsdrivande. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle næringsdrivande som har teke imot sjukepengar i løpet av året.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er som regel førehandsutfylt med beløp du har motteke i sjukepengar som næringsdrivande. Beløpa baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av NAV, som har utbetalt sjukepengane, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva du får frå NAV i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg ta kontakt med NAV for at årsoppgåva skal bli rett.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.