2.7.2 Inntekt frå skogbruk (RF-1175)

Post 2.7.2 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna næringsinntekt frå skjema RF-1175 Næringsoppgave 1. Her fører du også gjennomsnittsunderheng i skogbruk, sjå nedanfor.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har enkeltpersonføretak innan skogbruksnæring eller gjennomsnittsunderheng i inntekt fra skogbruk. Du har gjennomsnittsunderheng når du har skog der aktiviteten ikkje tilfredsstiller krava til verksemd og summen av dei inntil fire siste åras faktiske inntekter er større enn dei gjennomsnittsfastsette inntektene i same perioden. Gjennomsnittsunderhenget kan også førast på gevinst- og tapskonto.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I posten fører du summen i post 0402 (kolonne E) på linja Skogbruk i skjema RF-1175.

Gjennomsnittsunderheng fører du direkte i skattemeldinga.

Når du leverer elektronisk, vil summen i post 2.7.2 verte overført automatisk frå skjema RF-1175.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne legge fram dokumentasjon dersom vi spør.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.