Noen temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

2.7.8 Inntekt fra KS, ANS som driv anna næring (RF-1221) eller NOKUS (RF-1246)

Post 2.7.8 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utrekna næringsinntekt frå skjema RF-1221 eller RF-1246. Posten gjeld inntekt frå næring innan kategorien Anna næring, anten frå eit selskap med deltakarfastsetjing (KS, ANS, DA, indre selskap med meir). Du skal også føre berekna næringsinntekt eller norskkontrollert utanlandsk selskap med meir i lågskattland (NOKUS) her.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som er deltakar i:

Anna næring er all næring utanom skiferproduksjon i Nord-Troms eller Finnmark, skogbruk, jordbruk, gartneri, pelsdyrnæring, fiske og/eller fangst. 

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Eg har ein del i eit selskap med deltakarfastsetjing (RF-1221)

I post 2.7.8 fører du summen frå post 1140 i skjema RF-1221. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.7.8 automatisk overført frå skjema RF-1221.

Fordele del i selskap med deltakarfastsetjing mellom ektefellar

Dersom næringsinntekt blir fordelt mellom ektefellar, fører du i post 2.7.8 summen frå post 1241 i skjema RF-1221, som blir fordelt på ektefellen din. Begge ektefellar må levere kvart sitt RF-1221. der post 1241 er fylt ut.

Eg har ein del i eit NOKUS-selskap (RF-1246)

I post 2.7.8 fører du summen frå post 410 i skjema RF-1221. Når du leverer elektronisk, blir summen i post 2.7.2 automatisk overført frå RF-1246.

Fordele del i NOKUS-selskap mellom ektefellar

Dersom næringsinntekt blir fordelt mellom ektefellar, skal begge ektefellane levere kvart sitt RF-1246 der post 410 er fylt ut. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.