3.2.11 Fagforeiningsfrådrag

Post 3.2.11 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har betalt inn i fagforeiningskontingent opp til maksimalbeløpet på 3850 kroner per år. Beløpet er normalt førehandsutfylt, så kontroller at det er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle yrkesaktive lønnstakarar som har:

  • blitt trekt via lønnsslipp for fagforeiningskontingent til arbeidstakarorganisasjon
  • betalt fagforeiningskontingent direkte til arbeidstakarorganisasjonen. 

eller

  • betalt fagforeiningskontingent til ein arbeidstakarorganisasjon i ein annan EØS-stat som har inngått tariffavtale på vegner av medlemene

Satsar og nøkkeltal

Maksimalt frådrag er 3850 kroner per år, uavhengig av tal på medlemskap

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt førehandsutfylt med det du har betalt i fagforeiningskontingent. Beløpet baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av arbeidsgivaren din i a-meldinga, så kontroller at alt er rett.

Dersom du har betalt direkte til fagforeininga og har levert ein attestert oppgave over innbetalt kontingent til din arbeidsgivar, skal arbeidsgivar rapportere inn beløpet,

 

Beløpa du skal kontrollere mot, står i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk som du får av arbeidsgivaren i januar/februar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Dersom det manglar informasjon, bør du òg kontakte arbeidsgivaren for at samanstillinga skal bli rett.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom du fører opp frådrag, må du kunne dokumentere kontingenten du har betalt:

  • Dersom du har betalt direkte til fagforeininga: med attestert oppgåve frå fagforeiningskasseraren.
  • Dersom du har betalt via trekk frå arbeidsgivar: stadfesting frå arbeidsgivar på beløp som er trekt.

Kvifor har eg ikkje fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga?

Det kan vere fleire årsaker til at du ikkje har fått førebels skatteutrekning på skattemeldinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.