3.2.13 Særskilt frådrag for sjøfolk

Post 3.2.13 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har rett på i særskilt frådrag for sjøfolk ut frå kva arbeidsgivaren din har rapportert inn i post 2.1.2.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har hovudarbeid om bord på skip i fart og har arbeidd om bord i til saman minst 130 dagar i inntektsåret. Dette blir som ein hovudregel rekna som skip i fart:

  • marinefartøy med kommando heist, uavhengig av storleik og distansen som er segla
  • skip i utanriksfart som har eige framdriftsmaskineri, uavhengig av storleiken på skipet og kor stort fartsområdet til skipet er
  • skip som er på minst 100 brutto registertonn og har eige framdriftsmaskineri og ikkje er unnateke

Arbeidsgivar rapporterer i  a-meldinga om vilkåra er oppfylte.

Posten gjeld òg for sjøfolk på utanlandsk skip.

Både fiske og sjøfolk – talet på døgn om bord

Arbeider du i same inntektsår dels innan fiske og dels som sjøfolk, er det summen av talet på dagar til sjøs som fiskar og sjøfolk som blir rekna som talet på dagar om bord.

Både fiske og sjøfolk – kombinasjon av særskilt frådrag

Dersom du oppfyller vilkåra for særskilt frådrag for fiske/fangst og sjøfolk i same inntektsår, blir det først gitt eit frådrag for sjøfolk innanfor maksimalbeløpet på 80 000 kroner, i denne posten. Sidan maksimalbeløpet for særskilt frådrag for fiske/fangst er på 150 000 kroner, kan det i tillegg bli gitt eit særskilt frådrag for fiske/fangst på inntil 70 000 kroner i post 3.2.14.

Begynt eller slutta i løpet av året

Har du begynt eller slutta i løpet av året, slik at du har arbeidd mindre enn 130 dagar om bord, kan du likevel ha rett på særskilt frådrag for sjøfolk dersom du

  • er omfatta av ein tariffavtale som i gjennomsnittet har ein føresetnad på minst 130 dagar om bord per år, og
  • har arbeidd heile året etter at du starta eller heile året før du slutta, eller faktisk oppfyller 130-dagerskravet i minst eitt av åra.

Satsar og nøkkeltal

Særskilt frådrag for sjøfolk utgjer 30 prosent av skattepliktig arbeidsinntekt til sjøs. Maksimalt frådrag er 80 000 kroner.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt ut med utrekna særfrådrag. Beløpet baserer seg på kva arbeidsgivaren din har rapportert inn om inntekt og tal på døgn til sjøs, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte arbeidsgivaren din for at samanstillinga skal bli rett.

Utanlandsk skip

Har du hovudarbeidet ditt på eit utanlandsk skip, må du sjølv føre opp frådraget.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dokumentasjonskrav ved arbeid på utanlandsk skip

Har du hovudarbeidet ditt på eit utanlandsk skip, må du dersom du krev frådrag, leggje fram dokumentasjon som inneheld opplysningar om

  • kva tidsrom du har arbeidd om bord

  • kva slags type skip arbeidet er utført om bord på

  • namnet på og fartsområdet for skipet

  • storleiken på inntekta du har opparbeidd deg i det tidsrommet du krev frådrag

For sjøfolk tilsette om bord på skip i fart må dokumentasjonen vere utferda av reiarlaget.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.