3.2.14 Særskilt frådrag for fiskarar og fangstmenn

Post 3.2.14 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har rett på i særskilt frådrag for fiske og fangst ut frå kva som har blitt rapportert inn av lott frå arbeidsgivar, eller kva som er rekna ut i RF-1213 Fiske dersom du er næringsdrivande innan kategorien Fiske

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som i minst 130 dagar av inntektsåret har delteke i fiske eller fangst på havet eller langs kysten. Frådraget utgjer 30 prosent av inntekta. Frådraget har ei øvre grense på kr 150 000.

Posten gjeld òg fiskarar og fangstmenn på utanlandske fiskefartøy.

Inntekt både som fiskar og som sjøfolk om bord på skip i fart – tal på døgn om bord

Arbeider du i same inntektsår dels innan fiske og dels som sjøfolk, er det summen av talet på dagar til sjøs som fiskar og sjøfolk som blir rekna som talet på dagar om bord.

Inntekt både som fiskar og som sjøfolk – kombinasjon av særskilt frådrag

Dersom du oppfyller vilkåra for særskilt frådrag for fiske/fangst og særskilt frådrag for sjøfolk det same inntektsåret, blir det først gitt eit særskilt frådrag for sjøfolk innanfor eit maksimalbeløp på 80 000 kroner i post 3.2.13.

Ettersom maksimalbeløpet for særskilt frådrag for fiskarar er på kr 150 000, kan det i slike tilfelle bli gitt særskilt frådrag for fiskarar fram til summen av det særskilte frådraget for sjøfolk og det særskilte frådraget for fiskarar utgjer kr 150 000. Beløpet skal førast i post 3.2.14.

Begynt eller slutta i løpet av året

Har du begynt eller slutta i løpet av året, slik at du har arbeidd mindre enn 130 dagar om bord, kan du likevel ha rett på særskilt frådrag for fiske og fangst.

Startar du som fiskar og er omfatta av avtalar som i gjennomsnitt har ein føresetnad om at du er 130 dagar om bord, og/eller blir det rekna med at vilkåra er oppfylte i etterfølgjande år, blir det gitt særskilt frådrag for fiske og fangst.

Sluttar du som fiskar og har oppfylt vilkåra tidlegare år, blir det gitt særskilt frådrag for fiske og fangst også for det året du sluttar.

Satsar og nøkkeltal

Særskilt frådrag for fiske og fangst utgjer 30 prosent av netto arbeidsinntekt om bord under fiske på havet eller langs kysten. Maksimalt frådrag er 150 000 kroner.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Lott eller part til fiskar/fangstmann Posten er normalt fylt ut med utrekna særskilt frådrag. Beløpet baserer seg på kva arbeidsgivaren din har rapportert inn om lott og tal på døgn til sjøs, så kontroller at alt er rett.

Beløpa du skal kontrollere mot, står i den årlege samanstillinga av inntektar, frådrag og skattetrekk du får frå arbeidsgivaren din i januar.

Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte arbeidsgivaren din for at samanstillinga skal bli rett.

Næringsdrivande innan fiske og fangst

Som næringsdrivande innan kategorien Fiske fører du utrekna særskilt frådrag i post 320 i RF-1213 og i post 3.2.14 i skattemelding.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør, må du kunne dokumentere driftsopplegg for fartøy og slik vise at vilkåret om 130 dagar om bord er oppfylt.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.