3.2.18 Premie til eiga tilleggstrygd for næringsdrivande

Post 3.2.18 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du beløpet du har betalt inn i premie til folketrygda for å få ei høgare dekning av inntektstap ved sjukdom. Beløpet er ikkje førehandsutfylt. Du må henta beløpet frå næringsoppgåven.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld for deg som er næringsdrivande og har teikna forsikring gjennom folketrygda for å få høgare dekning av inntektstap ved sjukdom det vil seie auking av sjukepengar eller yrkesskadetrygd. Premien gir rett til frådrag i skattepliktig inntekt. Frådraget for premien førast i denne posten.

Tilleggsdekning for sjukepengar du har teikna gjennom eit forsikringsselskap, gir IKKJE rett til frådrag, verken i næringsoppgåva eller i skattemeldinga.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

NAV innrapporterar ikkje ditt premiebeløp til Skatteetaten og beløpet er dermed ikkje førehandsutfylt i sjølmeldinga.

Er du bokføringspliktig skal reknskapet ditt vise kva du har betalt i premie. Premiebeløpet skal du føre i Næringsoppgave 1 (RF-1175) i post 2078 (privatkonto) Da beløpet skal kome til frådrag i skattemeldinga, må du passa på å føre opp beløpet i post 3.2.18.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.