3.2.17 Særskilt frådrag for skiferproduksjon i Nord-Troms og Finnmark

Post 3.2.17 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du særskilt frådrag for skiferproduksjon i Nord-Troms og Finnmark.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som har drive skiferproduksjon i Nord-Troms eller Finnmark i minst halvparten av året.

Både jordbruk, skiferproduksjon og/eller reindrift – kombinasjon av særskilte frådrag

Dei særskilte frådraga innan reindrift, jordbruk eller skiferproduksjon kan ikkje til saman vere på meir enn 166 400 kroner.

Satsar og nøkkeltal

Særskilt frådrag for skiferproduksjon:

  • Næringsinntekt frå 0 til 54 200 kroner: Frådraget er lik næringsinntekta.
  • Næringsinntekt 54 200 til 328 575 kroner: Frådraget er 54 200 kroner pluss 32 prosent av inntekt over 54 200 kroner.
  • Næringsinntekt over 328 575 kroner: Frådraget er 142 000 kroner

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I posten fører du det utrekna beløpet.

Grunnlaget for utrekning

I grunnlaget for utrekning tek du utgangspunkt i driftsresultatet frå skiferproduksjonen og legg eventuelt til sjukepengar som erstattar næringsinntekt. Passive kapitalinntekter og -kostnader skal ikkje takast med.

Sjø døme på utrekning.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.