3.1.7 Skattepliktig utbytte som ikkje er ført i post 3.1.5 eller 3.1.6

Post 3.1.7 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du utbyte frå norske og utanlandske aksjar eller verdipapirfond som ikkje allereie er fylt ut i post 3.1.5 og 3.1.6. Krev du skjermingsfrådrag for å redusere skatt på utbyte, må du fylle ut RF-1059 Aksjar og fondspartar m.m.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som eig aksjar og/eller partar i verdipapirfond som har gitt utbyte, og der dette ikkje er ferdig fylt ut i  post 3.1.5 eller 3.1.6 i sjølvmeldinga.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du må levere skjema RF-1059 saman med sjølvmeldinga dersom du krev skjermingsfrådrag. I post 3.1.7 fører du det utrekna beløpet som står i post 901 i skjema RF-1059.

Dersom du ikkje krev skjermingsfrådrag, slepp du å levere RF-1059 og fører då berre opp samla utbyte i post 3.1.7.

Dersom utbytet kjem frå utanlandske aksjar eller verdipapirfond, må du òg huke av for Ja i post 1.5.6 for inntekt frå utlandet.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.