3.1.8 Skattepliktig gevinst ved sal av aksjar o.l. (RF-1088)

Post 3.1.8 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten skal vere førehandsutfylt med netto aksjegevinst frå norske aksjeselskap og utanlandske selskap som er registrerte på Oslo Børs, og som du har teke imot RF-1088 Aksjeoppgåva for. Det same gjeld for eigenkapitalbevis. Sjå nedanfor om retting av feil og manglar.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har selt aksjar i løpet av inntektsåret med skattepliktig gevinst.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Sjølvmeldinga kjem berre til å vere førehandsutfylt når det gjeld realisasjonar der Skatteetaten sit med alle opplysningane for å kunne rekne ut gevinst/tap. Dersom Skatteetaten ikkje har fullstendige opplysningar, til dømes dersom vi manglar opplysningar om salsvederlag, kjem ikkje gevinst/tap til å vere rekna ut for denne realisasjonen i sjølvmeldinga.

I RF-1088 Aksjeoppgåva finn du ein fotnote under post 110/120 der det står at vi manglar opplysningar for å kunne rekne ut gevinst/tap for éin eller fleire realisasjonar. Du må då gå til tabell 3b i RF-1088 Aksjeoppgåva for å finne desse realisasjonane. Du må korrigere dei mangelfulle tala og føre gevinst/tap på desse realisasjonane direkte i sjølvmeldinga. 

Informasjonen er feil 

Dersom beløpet i RF-1088 Aksjeoppgåva er feil eller det står «ukjent», må du korrigere tala som er feil eller mangelfulle, og føre korrekt skattepliktig gevinst i post 3.1.8 i sjølvmeldinga.

Dersom du endrar beløpet i post 3.1.8 i sjølvmeldinga, må du levere sjølvmeldinga. Du må då gå til tabell 3b i RF-1088 Aksjeoppgåva for å finne detaljar om alle realisasjonane.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.