4.1.3 Kontantar (nettobeløp, inkludert kontantar i næring)

Post 4.1.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du opp beløpet du har i kontantar, posttilvising, utanlandsk valuta, reisesjekk, kontantsjekk og liknande per 31. desember som overstig 3000 kroner.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har kontantar, posttilvising, utanlandsk valuta, reisesjekk, kontantsjekk og liknande over fribeløpet på 3000 kroner per 31. desember.

Ektefellar og barn

Ektefellar og barn som blir likna under eitt, har eitt felles fribeløp på 3000 kroner. Dette gjeld sjølv om inntekta blir likna kvar for seg. Ektefellar kan fordele fritt. Dersom ektefellane blir likna kvar for seg, skal dei ha kvart sitt fribeløp på 3000 kroner.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I posten fører du beløpet som overstig 3000 kroner.

For utanlandsk valuta og liknande skal beløpet førast opp i norske kroner. Bruk kjøpskursen frå Norges Bank per 1. januar 2017.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.