4.2.3 Innbu og annan lausøyre enn motorkjøretøy, campingvogn og båt med salsverdi kr 50 000

Post 4.2.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du verdien av innbu og annan lausøyre (IKKJE motorkøyretøy/campingvogn) og båt med salsverdi under 50 000 kroner. Verdien du skal føre i posten er salsverdien redusert med fribeløp på 100 000 kroner.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har innbu/lausøyre med ein verdi som:

  • overstig 100 000 kroner, og som
  • blir brukt privat eller
  • blir brukt i utleigd bustad

Posten gjeld også dersom du har båt med salsverdi under 50 000 kroner.

Satsar og nøkkeltal

Innbu og lausøyre

Når du vurderer verdien på innbuet, er det forsikringssummen du skal ta utgangspunkt i.

Salsverdien av innbu og annan lausøyre skal reknast ut slik:

Forsikringssum/innkjøpsverdi som nytt                  Salsverdi

av dei første 1 000 000 kroner                               10 prosent

av dei neste 400 000 kroner                                   20 prosent

av overskytande beløp                                            40 prosent

Båtar skal berre takast med i utrekninga over dersom dei inngår som ein del av ei innbu- og lausøyreforsikring.

Dersom innbu/lausøyre ikkje er forsikra, må du ta utgangspunkt i kva det vil koste deg å kjøpe innbu/lausøyre som nytt.

Båt med salsverdi under 50 000 kroner

Er båten særskilt forsikra, skal pårekna salsverdi setjast til 75 prosent av forsikringssummen.

Dersom båten ikkje er særskilt forsikra eller ikkje inngår som ein del av innbu-/lausøyreforsikringa, må han verdsetjast til pårekna salsverdi.

Døme på verdsetjing av innbu/lausøyre og båt

Forsikringssum:

Innbu/lausøyre eksklusiv båt 1 100 000 kroner

Båt 40 000 kroner

Lausøyre kr 1 000 000 x 10 %                         100 000 kroner

+ kr 100 000 x 20 %                                           20 000 kroner

= Pårekna salsverdi                                          120 000 kroner

+ Båt kr 40 000 x 75 %                                       30 000 kroner

Sum                                                                  150 000 kroner

– Skattefritt beløp                                             100 000 kroner

= Formuesverdi som du fører i post 4.2.3            50 000 kroner

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Verdien du skal føre i posten er summen av utrekna salsverdi redusert med 100 000 kroner.

Ektefellar og barn

Fribeløpet er felles for ektefellar og barn som blir likna under eitt, sjølv om inntekta blir likna særskilt. Fribeløpet kan fordelast mellom ektefellane etter eige ønske.

Båtar med pårekna salsverdi per 1. januar 2017 på kr 50 000 eller meir skal førast i post 4.2.4.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.