4.2.6 Campingvogn

Post 4.2.6 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Eig du ei campingvogn per 31. desember, skal du føre verdien av denne i post 4.2.6. Verdien blir fastsett ut frå årsmodell og listepris. Verdien er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har ei campingvogn registrert i namnet sitt hos Statens vegvesen. Om du har ein bobil finn du reglar for bobilar her.

Satsar og nøkkeltal

Verdsettinga skjer etter denne skalaen:

Første registreringsår Verdi av listepris som ny
2016 75 %
2015 65 %
2014 55 %
2013 45 %
2012 40 %
2011 30 %
2010 20 %
2001-2009 15 %
1987-2000 1000 kroner

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Dette feltet er fylt ut basert på informasjon vi får frå Statens vegvesen, men du må kontrollere at det er rett. Dersom informasjonen manglar eller er feil, rettar du opp i skattemeldinga og hos Statens vegvesen.

Ny campingvogn

Med ny campingvogn må du registrere dette i post 4.2.6: - Listepris som ny. Denne finn du hos hovudimportøren/forhandlaren. - Registreringsnummer. - Registreringsår. Verdien blir rekna ut automatisk.

Informasjonen manglar eller er feil

Før inn eller rett opp informasjonen som manglar. Vi tilrår at du òg seier frå til Statens vegvesen, fordi vi får opplysningane frå dei, og då blir det rett til neste år.

Veterancampingvogn

Verdien på ei campingvogn som er 30 år eller eldre, er lik pårekna salsverdi.

Eig ikkje campingvogna lenger

  • Skriv "0" i feltet Formuesverdi, eller slett heile oppføringa.

  • Gi beskjed til Statens vegvesen.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.