4.3 Formuesverdi på bustad og annan fast eigedom

Postane under 4.3 Formuesverdi på bustad og annan fast eigedom gjeld formue som bustad, fritidsbustad, skogeigedom, gardsbruk, jordbrukseigedom, tomt, næringseigedom, og så vidare.

Alle postar for 4.3 i skattemeldingaSjå alle postar i skattemeldinga

  • 4.3.2 Bustad

    Dersom du eig ein bustad per 31. desember 2016, skal du føre formuesverdien i denne posten. Formuesverdien blir fastsett årleg, basert på statistikk på omsatte bustader frå SSB og opplysingar om bustadtype bustadens storleik, byggjeår og kvar bustaden ligg. Dersom formuesverdien overstig 30 prosent av marknadsverdien på bustaden, kan du krevje nedsetjing av formuesverdien, dersom du kan dokumentere marknadsverdien. Dette gjeld primærbustaden din.

  • 4.3.3 Fritidseigedom

    Dersom du eig ein fritidseigedom per 31. desember 2016, skal du føre formuesverdien av eigedomen i denne posten. Formuesverdien blir fastsett ut frå tidlegare formuesverdi på eigedomen, kostpris ved nyoppført bygg eller omsetningsverdi/kjøpesum.

    I skattemeldinga for inntektsåret 2016 skal formuesverdien på fritidseigedom ikkje justeres opp. Formuesverdien skal ikkje overstige 30 prosent av marknadsverdien på eigedomen.

  • 4.3.4 Skogeigedom

    Dersom du eig ein skogeigedom per 31. desember, skal du føre formuesverdien i denne posten. Formuesverdi blir normalt fastsett ut frå tidlegare formuesverdi på eigedomen.

  • 4.3.5 Annan fast eigedom

    Dersom du eig ein annan fast eigedom per 31. desember 2016, skal du føre formuesverdien i denne posten. Med annan fast eigedom meiner vi tomt, næringseigedom, gardsbruk eller annan fast eigedom med eller utan skattepliktig avkastning. Formuesverdien blir fastsett anten ut frå tidlegare formuesverdi på eigedomen, kostpris ved nyoppført bygg eller omsetningsverdi/kjøpesum. Ein skal ikkje gjennomføre nokon generell auke av formuesverdiane for annan fast eigedom inntektsåret 2016. Har eigedomen derimot stige i verdi frå 1. januar 2016 på grunn av vesentlege påkostnader o.a., skal formuesverdien aukast.