4.3.4 Skogeigedom

Post 4.3.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du eig ein skogeigedom per 31. desember, skal du føre formuesverdien i denne posten. Formuesverdi blir normalt fastsett ut frå tidlegare formuesverdi på eigedomen.

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som:

  • eig ein skogeigedom per 31. desember
  • har selt eller kjøpt ein skogeigedom innan 31. desember, men denne er tinglyst etter 31. desember
  • eig ein skogeigedom som har endra seg vesentleg ved tilkjøp, fråsal, verning, eller som har endra bonitetsfordeling i revidert skogbruksplan.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Som regel er posten ferdig fylt ut i skattemeldinga, så kontroller at alt er rett.

Eg har kjøpt skogeigedom i løpet av året

Dersom du har kjøpt eller overteke ein skogeigedom i løpet av året, må du fylle ut RF-1016 Formue av skogseigedom

Eg eig ikkje eigedomen lenger

Dersom du har selt eigedomen, men han framleis står oppført i skattemeldinga, kryssar du av for "Nei" i feltet "Eier du fortsatt skog ved utgangen av 2016"?

Feil informasjon

Dersom informasjon om skogseigedomen er feil, må du endre dette i skattemeldinga.

Eigedomen manglar

Dersom eigedomen ikkje står oppført, må du sjølv føre han opp i skattemeldinga. Du må gi opp mellom anna gnr., bnr., festenr., seksjonsnr., kommune og formuesverdi.

Endring i formuen av skogeigedom

Har noko av dette skjedd i løpet av året?

  • tilkjøp

  • fråsal

  • verning

  • endra bonitetsfordeling ved ny skogbruksplan

Då må du fylle ut og levere RF-1016 Formue av skogseigedom i tillegg til å fylle ut formuesverdi i post 4.3.4.

Logg inn, og fyll ut posten.

Tips og rådgiving

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på endringer/fastsetjing av formueverdi, men du må kunne leggje fram dokumentasjon på gjennomført endring/fastsetjing dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.