4.4.3 Varelager (RF-1175)

Post 4.4.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du verdien av varelageret (medrekna råvarelager, varer under tilverking, ferdigtilverka varer og innkjøpte varer for vidaresal) per 31. desember som inngår i næringsverksemd. Verdien hentar du frå skjemaet "RF-1175 Næringsoppgåve 1", "RF-1167 Næringsoppgåve 2" eller "Næringsrapport skatt".

Gjeld posten meg?

Posten gjeld alle som har varelager per 31. desember i næringsverksemd.

Buskap i jordbruket skal ikkje førast i denne posten, men i post 4.4.2.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

I post 4.4.3 fører du summen frå post 1495 i skjema "RF-1175 Næringsoppgåve 1" eller "RF-1167 Næringsoppgåve 2" eller "Næringsrapport skatt".

Når du leverer elektronisk, blir summen i post 4.4.3 automatisk overført. 

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere varelager med varelagerlister og liknande. Dokumentasjonskrava går fram av bokføringslova og forskrifta til denne av 1. desember 2004 nr. 1558.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.