4.5.4 Annan skattepliktig formue

Post 4.5.4 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Dersom du har annan skattepliktig formue per 31. desember, fører du verdien i denne posten. Med annan skattepliktig formue meiner vi til dømes formue av kapitalisert festeavgift, rettar knytte til skog/utmark, del av selskap med deltakafastsetjing (RF-1221) og/eller NOKUS (RF-1246).

Gjeld posten meg?

Denne posten gjeld alle som:

  • har annan skattepliktig formue per 31. desember, som ikkje kan førast i andre poster
  • eig ein del i eit selskap med deltakarfastsetjing per 31. desember
  • eig ein del i eit norskkontrollert utanlandsk selskap (NOKUS) per 31. desember

Festetomt

Posten gjeld òg deg som har ei festetomt som du bortfestar. Du skal da formueskattleggjast for ein kapitalisert verdi av festeavgifta. Denne verdien førast i denne posten. Eig du bustad eller fritidsbustad, men fester tomta, skal du likevel bruke post 4.3.2 eler 4.3.3. Du har òg rett på å få gjeldsfrådrag for festeavgifta, som du fører i post 4.8.1.

Rettar knytte til skogbruk/utmark

Posten gjeld òg næringsdrivande innan skogbruk som skal skattleggjast for rettar knytte til skogbruk/utmark, på same måte som kapitalisert verdi av jakt- og fiskerettar og andre rettar knytte til eigedomen.

Satsar og nøkkeltal

For festeavgift, jakt- og fiskerettar er kapitaliseringsfaktoren på 10, jamføre Takseringsreglane § 2-1-5.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Festetomt

Den årlege festeavgiften multiplisert (gange) med 10 (kapitaliseringsfaktoren) utgjer formuesverdien av tomta. Beløpet må du sjølv føre i posten.

Rettar knytte til skog/utmark

Formuesverdien av rettar knytte til skog/utmark finn du i post 316 i skjemaet RF-1177 Landbruk. Når du leverer elektronisk, blir beløpa automatisk overførte til rett post frå skjema RF-1177.

Del av formue i selskap med deltakarfastsetjing

Formuesverdien av del i deltakarlikna selskap finn du i post 1101 i skjema RF-1221 Deltakaren si melding over eigen formue og inntekt i selskap med deltakarfastsetjing.

Når du leverer elektronisk, blir beløpa automatisk overførte til rett post frå skjema RF-1221.

Del av formue i NOKUS-selskap

Formuesverdien av del i NOKUS-selskap finn du i post 101 i RF-1246 Deltakaren sitt skjema over formue og inntekt i NOKUS.

Når du leverer elektronisk, blir beløpa automatisk overførte til rett post frå skjema RF-1246.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.