4.8.1 Innanlandsk gjeld

Post 4.8.1 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

Denne posten viser kva du har i gjeld til norske låneinstitusjonar eller i samband med kredittkjøp, kor mykje du skuldar i restskatt per 31. desember, og gjeldsfrådrag for festeavgift. Beløpet er normalt fylt ut med det som har blitt rapportert inn, så kontroller at alt er rett.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld for alle som har:

  • gjeld i norske låneinstitusjonar
  • gjeld i samband med kredittkjøp
  • uteståande restskatt hos skatteoppkrevjaren per 31. desember

Festetomt

Posten gjeld òg for deg som har ein bustad eller fritidsbustad på ei festetomt, der:

  • du ikkje har nokon tidsavgrensa bruksrett på tomta, og

  • du blir formueskattlagd for denne tomta

Du har då rett på gjeldsfrådrag i denne posten, fordi du må skatte av tomta i post 4.5.4.

Satsar og nøkkeltal

For festetomt er kapitalisert verdi 10.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Posten er normalt fylt inn med beløp for det du skuldar per 31. desember. Beløpet/beløpa baserer seg på kva som har blitt rapportert inn av den du har inngått låneavtale med, så kontroller at alt er rett. Beløpa du skal kontrollere mot, står i årsoppgåva du får frå långivaren/långivarane i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte den du har lånt pengar av, for at årsoppgåva skal bli rett. Renter du har betalt på lånet, fører du i post 3.3.1.

Restskatt

Restskatt du skuldar per 31. desember er normalt fylt inn. Beløpet baserer seg på skuldig restskatt registert hos skatteoppkrevjaren. Beløpa du skal kontrollere mot, skal stå i årsoppgåva Oversikt over gjeld og betalte renter til skatteoppkrevjar per 31.12., som du får frå skatteoppkrevjaren i januar. Dersom beløpet er feil, må du endre det i skattemeldinga. Du bør òg kontakte skatteoppkrevjaren for at årsoppgåva skal bli rett.

Festetomt

Gjeldsfrådrag for festetomt er den årlege festeavgifta x 10 (kapitalisert verdi). Beløpet må du sjølv føre i posten.

Informasjon manglar

Dersom det manglar informasjon, må du føre opp namn på långivar, gjeld, gjeldsrenter og årsak til ei eventuell endring.

Privat lån

Privat lån kjem ikkje til å vere rapportert inn, uansett om du har gitt det opp på skattekortet eller tidlegare år, og du må derfor leggje det til. Du fører opp beløpet per 31. desember, namnet på utlånaren og adressa til vedkomande. Dette må du gjere kvart år i skattemeldinga. Gi beskjed til den du har lånt pengar av, om at vedkomande òg må hugse å føre opp lånet i post 4.1.6.

Fordeling av gjeld mellom ektefellar/sambuarar/medlånetakar

Sjølv om du har lån saman med ein annan, blir det berre rapportert inn frå banken på éin av dykk. Korleis de kan fordele lånet, avheng av om de er gifte eller ikkje. Denne fordelinga må de gjere på nytt kvart år i skattemeldinga, og begge må endre. Uansett må totalsummen vere den same. Dersom til dømes gjelda blir redusert med 100 000 kroner hos den eine, må ho auke med 100 000 kroner hos den andre. Du må endre eller leggje til informasjon om långivar, gjeld, gjeldsrenter og årsak til endring.

Ektefellar

Ektefellar kan fordele både gjeld og gjeldsrenter som dei vil, men det må bli 100 prosent til saman.

Sambuarar

Sambuarar skal fordele gjelda og gjeldsrentene slik det står i lånepapira, dersom de har lånet saman. De må då fordele både gjelda og gjeldsrentene etter kor mange prosent de eig kvar. Kontroller at de står oppførte som sambuarar i post 1.3. Dersom de skriv ein kontrakt dykk imellom der de fordeler lånet på ein annan måte, til dømes fordi den eine har låg inntekt, kan gjelda og rentene fordelast etter den kontrakten.

Samlivsbrot

Dersom den tidlegare partnaren din ikkje vil endre gjelda og gjeldsrentene, kan du gjere det i di skattemelding og forklare i post 5.0 kvifor du gjer det. Dersom de var sambuarar, må du òg kontrollere at de ikkje lenger står oppførte som sambuarar i post 1.3.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.