4.8.3 Utanlandsk gjeld

Post 4.8.3 Gjeld for innteksåret 2016

  • Skriv ut

I denne posten fører du opp kva du har i gjeld i utlandet.

Gjeld posten meg?

Posten gjeld for alle som har gjeld i utlandet.

Eg bur i Noreg og har fast eigedom i utlandet

Er du skattemessig busett i Noreg, har du krav på frådrag for gjeld. Frådraget for gjeld blir avgrensa dersom:

  • formue i fast eigedom i utlandet er unnateke skattlegging i Noreg etter skatteavtale. Då får du delvis frådrag for gjelda.

Frådraget blir avgrensa når fordelingsmetoden blir brukt for å unngå dobbeltskattlegging. Frådraget skal likevel ikkje avgrensast dersom du eig bustad eller fritidsbustad i ein annan EØS-stat og skatteavtalen seier at formuen ikkje skal skattleggjast i Noreg.

For 2016 gjeld dette Belgia, Italia og Kroatia. Har du kravd frådrag for gjeld i det landet bustaden eller fritidsbustaden ligg i, kan du ikkje krevje frådrag for det same beløpet i Noreg.

Eg bur i Noreg og driv / deltek i verksemd i utlandet

Er du skattemessig busett i Noreg, har du krav på frådrag for gjeld. Frådraget for gjeld blir avgrensa dersom formue i verksemd er unnateke skattlegging i Noreg etter skatteavtale. Då får du delvis frådrag for gjelda. Kravet er at verksemda blir driven frå ein fast driftsstad, og at fordelingsmetoden blir brukt for å unngå dobbeltskattlegging.

Eg bur i utlandet

Dersom du er busett i utlandet og har teke opp gjeld for å fremje ein aktivitet som blir skattlagd i Noreg, kan du krevje frådrag for gjeld du har i utlandet.

Korleis fører eg dette i skattemeldinga?

Du må oppgje gjelden i utlandet i post 4.8.3.

Du fører opp informasjon om namn på långivar, gjeld og gjeldsrenter i norske kroner og gjennomsnittleg valutakurs i posten. Bruk kjøpskursen frå Norges Bank 1. januar 2016.

Logg inn, og fyll ut posten.

Dokumentasjonskrav

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi ber om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere dette:

  • Gjeld og gjeldsrenter med stadfesting frå låneinstitusjonen
  • Dersom du har bustad/fritidsbustad i ein annan EØS-stat, må du kunne dokumentere at du ikkje har kravd frådrag for gjelda i det landet bustaden ligg i
  • Dersom du bur i utlandet, må du kunne dokumentere at heile eller tilnærma heile inntekta di er opptent i Noreg. Samanlikningsgrunnlaget er den samla inntekta di før frådrag i dei ulike landa

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.