Slik endrar du ein post i skattemeldinga

  • Skriv ut
  1. Trykk først på knappen Levere skattemeldinga.
  2. Vel deretter posten du vil endre, og klikk Endre. I dette tilfellet er det Renter, gjeld, kapitalkostnader og frådrag, men den same framgangsmåten gjeld for alle postane du vil endre.
  3. Har du fleire lån, vel du det du vil fordele, og trykkjer Endre på rentene og gjelda.
  4. Trekk frå det beløpet som skal overførast til ektefellen eller sambuaren. Vedkomande må sjølvsagt auke med eit tilsvarande beløp i si eiga sjølvmelding.
  5. Under Årsak til endring vel du Overført til/frå ektefelle/sambuar.
  6. Klikk OK.
  7. For å kome tilbake til oversikta må du no klikke Lagre.
  8. Er du gift og ikkje har fleire endringar? Gratulerer, no kan du levere sjølvmeldinga. (9) Er du ikkje gift, men sambuar, treng vi nokre opplysningar til. Klikk Endre på posten Opplysningar om personlege forhold.
  9. Fyll inn fødselsnummeret til sambuaren.
  10. Vel Ja for spørsmålet Felles formue/gjeld med sambuar?
  11. Klikk deretter Lagre for å kome tilbake til oversikta.

Då skulle alt vere klart!

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.