Firmabil

  • Skriv ut

Tilsette som har høve til å nytte verksemda sin bil privat, til dømes fordi bilen blir teken med heim til den tilsette og står parkert ved bustaden, skal skattleggjast for denne fordelen.

Før du kan begynne utrekninga, må du skaffe opplysningar om rettleiande listepris for bilen den gong bilen var førstegongsregistrert. Dette finn du i Skatte-ABC eller ved å kontakte merkeimportøren. Du må leggje til rettleiande pris for alt ekstrautstyr som til dømes radio, CD-spelar, GPS, lettmetallfelgar, skinnsete osv.

Dersom bilen er yngre enn 3 år, skal dette reknast ut slik:

30 % av listeprisen inkludert alt ekstrautstyr opp til kr 299 100 (2017-sats)

+ 20 % av resterande listepris

= Utrekna inntektsfordel for privat bruk

Er bilen 3 år eller eldre blir utrekningsgrunnlaget sett til 75 % av bilen sin listepris.

Særskilde reglar

Er køyretøyet ein EL-bil skal grunnlaget setjast til 50 % av utrekna listepris. Dersom køyringa i verksemda utgjer 40 000 km eller meir, skal grunnlaget setjast til 75 % av utrekna listepris. Den utrekna inntektsfordelen er trekkpliktig, det vil seie at fordelen inngår i grunnlaget for å rekne ut forskotstrekk i lønna til den tilsette. 

Når det gjeld fastsetting av fordel ved bruk av varebil klasse 2 og lastebilar under 7 500 kg gjeld det særskilde reglar, sjå nærmare om dette her.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.