Noen temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

Fritidsbåt

  • Skriv ut

Korleis du skal formuesverdsetje fritidsbåten din i skattemeldinga, avheng av om salsverdien er under eller over 50 000 kroner. 

Salsverdi under 50 000 kroner 

Fritidsbåtar blir verdsette på ulike måtar avhengig av forsikringa:

  • Dersom fritidsbåten er omfatta av innbuforsikringa di, skal han verdsetjast saman med innbuet. 
  • Dersom fritidsbåten din har eiga forsikring, skal du setje formuesverdien til 75 prosent av forsikringssummen. 
  • Om du ikkje har forsikra fritidsbåten, skal du setje formuesverdien til omsetningsverdien. Bruk post 4.2.3. i skattemeldinga.

Salsverdi som er 50 000 kroner eller høgare

  • Fritidsbåten skal førast opp i post 4.2.4 i skattemeldinga. 
  • Er båten forsikra, skal formuesverdien setjast til 75 prosent av forsikringssummen. 
  • Dersom båten ikkje er forsikra, skal formuesverdien setjast til pårekna salsverdi.

Les meir om post 4.2.4 i rettleiinga.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.