Skattetrekk

Meiner du at pensjonen/uføreytinga di er heilt eller delvis skattefri i Noreg, må du vende deg til Skatteetaten og søkje om frikort eller eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. 

Les meir om kva for dokumentasjon du skal sende inn saman med søknad under "Skatteavtalar" og " Personar busette i EU/EØS-land".

Frikortet eller skattekortet gjeld berre for eit inntektsår. Skatteetaten skriver ut eit nytt frikort eller skattekort for 2018 på grunnlag av dei opplysningane som Skatteetaten har om din skatteplikt. Du må kontrollere at frikortet eller skattekortet er riktig.

Meiner du at frikortet eller skattekortet er feil, må du søkje om nytt frikort eller skattekort. Søknader om frikort og skattekort vil bli behandla etter kvart som dei kjem inn. Du får tilsendt informasjon om ditt skattekort (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Er berre ein del av pensjonen/uføreytinga skattefri, får du eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Du skal ikkje levere noko til den som utbetalar pensjonen/uføreytinga. Dei hentar skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din i Altinn.

Dersom du har skattekort med lågare trekk enn 15 prosent eller frikort, må søkje om nytt skattekort når

  • du flytter til eit anna land
  • du ikkje lenger er skattemessig busett i det landet du sist sendte inn bustadattest frå 
  • du får ein ny pensjon/uføreyting frå Noreg
    • Dette gjeld også når du får ein annen pensjon/uføreyting frå same pensjonsutbetalar. 
  • du tidlegare har fått skatten berekna etter dei reglane som gjeld for personar som bur i Noreg, og dine inntekter har endra seg slik at du ikkje lenger er skattepliktig i Noreg for minst 90 prosent av dine inntekter

Er det trekt meir skatt enn det som står på skattekortet, kan du søkje om nytt skattekort. Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri og du får frikort, kan du søkje om å få betalt tilbake den skatten som er trekt. For meir informasjon sjå artikkelen ”Tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon”.