Frankrike

  • Skriv ut

Personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, skal betale skatt på pensjon, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting, og den som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje skatt.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Ein skal ikkje betale kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Desse unnataka gjeld frå skatteplikta for personar som er busette i Frankrike:

  • Personar som kan dokumentere at dei er busette i Frankrike etter skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike, har krav på skattefritak i Noreg for visse pensjonar og uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda.
  • Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar, og av krigspensjon.

Skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike

Skatteavtalen mellom Noreg og Frankrike regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22.

Desse pensjonane og uføreytingane er skattepliktige i Noreg:

  • grunnpensjon frå folketrygda
  • tilleggspensjonar som blir utbetalte av NAV
  • pensjon tent opp ved arbeid i norsk offentleg teneste som blir utbetalt av andre enn NAV
  • krigspensjon
  • uføretrygd frå folketrygda

Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:

  • pensjon som er tent opp ved arbeid i privat teneste når pensjonen blir utbetalt av andre enn NAV. Dette gjeld m.a. pensjon frå pensjonsordningar knytt til tidlegare tilsetjingstilhøve i privat teneste og pensjon over drift.
  • pensjon som er knytt til tidlegare næringsverksemd når pensjonen blir utbetalt av andre enn NAV.
  • pensjon frå private pensjonsordningar som ikkje er knytt til tidlegare tilsetjing, til dømes individuell pensjonssparing
  • uføreytingar frå andre ordningar enn folketrygda

Det er berre personar som kan dokumentere at dei er skattepliktige i Frankrike som busette der etter skatteavtalen, som kan få skattefritak for pensjon/uføreytingar som ifølgje skatteavtalen ikkje skal skattleggjast i Noreg. Du må difor kunne leggje fram ein bustadattest (Certificate of Residence) frå franske skattemyndigheiter som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Frankrike etter skatteavtalen med Noreg.

Ein person som ikkje kan dokumentere at han er busett i Frankrike etter skatteavtalen, kan ikkje få skattefritak. Alle pensjonar/uføreytingar vil då vere skattepliktige i Noreg.

Forskotstrekk for inntektsåret 2017

Meiner du at pensjonen/uføreytinga di er heilt eller delvis skattefri i Noreg etter skatteavtalen med Frankrike, må du kontakte skattekontoret og søkje om skattefritak.

Søkjer du om skattefritak i 20167må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • leggje ved ein bustadattest (Certificate of Residence) frå franske skattemyndigheiter

Certificate of Residence må vere utferda av franske skattemyndigheiter og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett i Frankrike etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original og ikkje eldre enn tre månader.

Søknader om skattekort/frikort vil bli handsama fortløpande. Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Er berre ein del av pensjonen/uføreytinga skattefri, får du eit skattekort med lågare trekkprosent enn 15 prosent. Du skal ikkje levere noko til dei som betalar ut pensjon/uføreytingar. Dei hentar skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din i Altinn.

Fekk du skattefritak ved likninga for 2015 og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2016, treng du ikkje å søkje om frikort/skattekort for 2017. Du treng heller ikkje å sende inn ein eigenerklæring som viser at du framleis er busett i Frankrike og at du ikkje planlegger å flytte til eit anna land i 2017. Skattekontoret skriver ut et nytt frikort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Flytter du frå Frankrike eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der, må du søkje om nytt skattekort.

Er det trekt meir skatt enn det som står på skattekortet, kan du søkje om nytt skattekort. Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri og du får frikort, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt. Du kan lese meir om dette i artikkelen «Tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon».

Fastsetting av skatt for inntektsåret 2016

I 2017 vil alle som er skattepliktige i Noreg, få ei skattemelding i staden for ei sjølvmelding.

Personar som er omfatta av reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar vil få tilsendt ei skattemelding i april 2016.

Meiner du at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og opplyse om kva for beløp som er skattepliktig i Noreg.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn ein bustadattest (Certificate of Residence) som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Frankrike etter skatteavtalen med Noreg. Skattekontoret kan òg krevje at du sender inn dokumentasjon som viser kva for beløp som er skattefritt i Noreg.
Certificate of Residence må vere utferda av franske skattemyndigheiter. Det må vere i original og ikkje eldre enn seks månader. Du kan sende inn ein bustadattest som er utferda av franske skattemyndigheiter før du har fått skatteoppgjeret for 2016 i Frankrike.

Leverer du ikkje skattemeldinga, får du 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld også når du har hatt frikort. eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.
Har du ikkje fått skattemedlinga innan 15. april 2017, kan du kontakte Skatt nord.

Særskilde reglar for personar som er busette i eit EU/EØS-land
Dersom du er busett i eit EU/EØS-land, kan du krevje at skatten skal reknast ut etter dei same reglane som for personar som er busette i Noreg, når du er skattepliktig i Noreg for minst 90 prosent av inntekta di.

Du kan lese meir om dette i brosjyren Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og som har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Du må sjølv kontakte den som betalar ut den private pensjonen/uføreytinga, og gjere merksam på at Du meiner at pensjonen/uføreytinga ikkje er skattepliktig til Noreg.

Får du krigspensjon, må du kontakte skattekontoret. Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du alderspensjon også, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Då må du dokumentera kor stor del av pensjonen som er krigspensjon.

…………..

Reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Er du framleis skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal skatten reknast ut etter dei vanlege reglane. Då skal du liknast av skattekontoret for den kommunen der du budde i Noreg. Føresegnene i skatteavtalen gjeld for deg òg.

Alle førespurnader om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar skal rettast til:

Skatt nord
Postboks 6310
NO-9293 Tromsø

Tlf. frå utlandet    +47 22 07 70 00
Tlf. frå Noreg        800 80 000
e-post: Du må gå inn på www.skatteetaten.no/sendepost for å sende e-post

Hugs å gi opp fødselsnummer eller D-nummer ved førespurnader til Skatteetaten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.