Portugal

  • Skriv ut

Personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, skal betale skatt på pensjon, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting, og den som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje skatt.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Ein skal ikkje betale kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Desse unnataka gjeld frå skatteplikta for personar som er busette i Portugal:

  • Personar som kan dokumentere at dei er busette i Portugal etter skatteavtalen mellom Noreg og Portugal, har krav på skattefritak i Noreg for pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare lønnsarbeid i privat teneste.
    - Skattefritaket gjeld òg pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare arbeid i offentleg teneste når mottakaren er portugisisk statsborgar.
  • Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar, og krigspensjon.

Skatteavtalen mellom Noreg og Portugal

Skatteavtalen mellom Noreg og Portugal regulerer retten til å skattleggje pensjonar og uføreytingar i artiklane 18, 19 og 22.

Desse pensjonane og uføreytingane er skattepliktige i Noreg:

  • grunnpensjon frå folketrygda
  • uføretrygd frå folketrygda
  • pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare lønnsarbeid i norsk offentleg teneste når mottakaren ikkje er portugisisk statsborgar
  • pensjon og uføreytingar som er knytt til tidlegare næringsverksemd
  • pensjon og uføreytingar frå private pensjonsordningar som ikkje er knytt til tidlegare tilsetjing, og livrenter
  • krigspensjon

Desse pensjonane og uføreytingane skal ikkje skattleggjast i Noreg:

  • pensjon knytt til tidlegare lønnsarbeid i privat teneste. Dette gjeld både tilleggspensjon som NAV betalar ut, og pensjon frå private tenestepensjonsordningar og pensjon over drift
  • pensjon og uføreytingar knytt til tidlegare lønnsarbeid i norsk offentleg teneste når mottakaren er portugisisk statsborgar
  • uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar

Det er berre personar som kan dokumentere at dei er skattepliktige i Portugal som busette der etter skatteavtalen, som kan få skattefritak for pensjon/uføreytingar som ifølgje skatteavtalen ikkje skal skattleggjast i Noreg. Du må difor kunne leggje fram ein bustadattest (Certificate of Residence) frå portugisiske skattemyndigheiter som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Portugal etter skatteavtalen med Noreg.

Ein person som ikkje kan dokumentere at han er busett i Portugal etter skatteavtalen, kan ikkje få skattefritak. Alle pensjonar og uføreytingar vil då vere skattepliktige i Noreg.

Ein person som har status som "not-regular resident" ("Residente Näo Habitual") i Portugal, har ikkje krav på skattefritak for pensjon/uføreytingar i Noreg då  han ikkje oppfyller vilkåret om å være busett i Portugal etter skatteavtalen.

Forskotstrekk for inntektsåret 2018

Meiner du at pensjonen/uføreytinga di er heilt eller delvis skattefri i Noreg etter skatteavtalen med Portugal, må du kontakte skattekontoret og søkje om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Søkjer du om frikort/skattekort for 2018 må du:

  • opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga
  • opplyse om du har arbeidd for ein norsk offentleg arbeidsgjevar og eventuelt kor mange år du har vore tilsett i offentleg teneste og kor mange år du har vore tilsett i privat teneste og/eller vore sjølvstendig næringsdrivande. Dette gjeld når du får pensjon.
  • dokumentere kor stor del av pensjonen som ikkje skal skattleggjast i Noreg når pensjonen blir utbetalt av NAV. Du kan til dømes leggje ved ein kopi av ein utbetalingsslipp for ein av dei siste månadene frå NAV.
  • leggje ved ein bustadattest (Certificate of Residence) frå portugisiske skattemyndigheiter
  • leggje ved dokumentasjon som viser at du ikkje har status som "not-regular resident" ("Residente Näo Habitual") i Portugal.

Bustadattesten må vere utferda av portugisiske skattemyndigheiter og uttrykkjeleg stadfeste at du er skattemessig busett i Portugal etter skatteavtalen med Noreg. Attesten må vere i original og ikkje eldre enn tre månader.

Søknader om skattekort/frikort vil bli handsama fortløpande. Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Er berre ein del av pensjonen/uføreytinga skattefri, får du eit skattekort med lågare trekkprosent enn 15 prosent. Du skal ikkje levere noko til dei som betalar ut pensjon/uføreytingar. Dei hentar skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din i Altinn.

Hadde du pensjon/uføreytingar i 2016 som ikkje var skattepliktig, og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2017, treng du ikkje å søkje om frikort/skattekort for 2018. Skattekontoret skriver ut et nytt frikort/skattekort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du ikkje har status som "not-regular resident" ("Residente Näo Habitual") i Portugal, før dei skriver ut frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Du må søkje om nytt skattekort når du:

  • flytter frå Portugal eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der
  • får ein ny pensjon/uføreyting frå Noreg
    • Dette gjeld også når du får ein annan pensjon/uføreyting frå same pensjonsutbetalar.

Er det trekt meir skatt enn det som står på skattekortet, kan du søkje om nytt skattekort. Er heile pensjonen/uføreytinga skattefri og du får frikort, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt. Du kan lese meir om dette i artikkelen «Tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon».

Likninga for inntektsåret 2017

Personar som er omfatta av reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar vil få tilsendt ei norsk skattemelding i april 2018.

Meiner du at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og gje opp kva for beløp som er skattepliktig i Norge.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn ein bustadattest (Certificate of Residence) som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Portugal etter skatteavtalen med Noreg. Skattekontoret kan òg krevje at du sender inn dokumentasjon som viser kva for beløp som er skattefritt i Noreg.
Certificate of Residence må vere utferda av portugisiske skattemyndigheiter. Det må vere i original og ikkje eldre enn seks månader. Du kan sende inn ein bustadattest som er utferda av portugisiske skattemyndigheiter før du har fått skatteoppgjeret for 2017 i Portugal.

Ein person som har status som "not-regular resident" ("Residente Näo Habitual") i Portugal, har ikkje krav på skattefritak for pensjon/uføreytingar i Noreg då han ikkje oppfyller vilkåret om å være busett i Portugal etter skatteavtalen. Skattekontoret kan krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du ikkje har status som "not-regular resident" ("Residente Näo Habitual") i Portugal

Leverer du ikkje skattemeldinga, får du 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld også når du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Har du ikkje fått skattemelding innan 15. april 2018, kan du kontakte Skatt nord.

Særskilde reglar for personar som er busette i eit EU/EØS-land

Dersom du er busett i eit EU/EØS-land, kan du krevje at skatten skal reknast ut etter dei same reglane som for personar som er busette i Noreg, når du er skattepliktig i Noreg for minst 90 prosent av inntekta di.

Du kan lese meir om dette i brosjyren Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og som har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktige i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktige for krigspensjon.

Du må sjølv kontakte den som betalar ut den private pensjonen/uføreytinga, og gjere merksam på at du meiner at pensjonen/uføreytinga ikkje er skattepliktig til Noreg.

Får du krigspensjon, må du kontakte skattekontoret. Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du alderspensjon også, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Då må du dokumentera kor stor del av pensjonen som er krigspensjon.

…………..

Reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Er du framleis skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal skatten reknast ut etter dei vanlege reglane. Føresegnene i skatteavtalen gjeld òg for denne gruppa.

Alle førespurnader om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar skal rettast til:

Skatt nord
Postboks 6310
NO-9293 Tromsø

Tlf. frå utlandet +47 22 07 70 00
Tlf. frå Noreg 800 80 000
e-post: Du må gå inn på www.skatteetaten.no/sendepost for å sende e-post

Hugs å gi opp fødselsnummer eller D-nummer ved førespurnader til Skatteetaten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.