Tyskland

  • Skriv ut

Personar som ikkje er skattemessig busette i Noreg, skal betale skatt på pensjon, uføretrygd og andre uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg. Skatten er 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting, og den som betalar ut pensjonen/uføreytinga skal trekkje skatt.

Kjeldeskatten på pensjon og uføreytingar omfattar:

  • pensjon frå folketrygda
  • offentlege tenestepensjonar
  • private tenestepensjonar
  • andre private pensjonar
  • uføretrygd frå folketrygda
  • uføreytingar frå andre ordningar

Ein skal ikkje betale kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Desse unnataka gjeld frå skatteplikta for personar som er busette i Tyskland:

  • Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, skal ikkje betale skatt av pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar, og krigspensjon.

Skatteavtalen mellom Noreg og Tyskland 

Etter artikkel 18 i skatteavtalen mellom Noreg og Tyskland kan alle pensjonar og uføreytingar som blir utbetalte frå Noreg, skattleggjast i Noreg med 15 prosent av bruttobeløpet.

Er pensjonen/uføreytinga skattepliktig både i Noreg og Tyskland, er det tyske skattemyndigheiter som skal syte for at du ikkje blir skattlagt dobbelt.

Særskilde reglar for personar som er busette i eit EU/EØS-land

Er du busett i eit EU/EØS-land og skattepliktig i Noreg for minst 90 prosent av inntekta di, kan du krevje at skatten skal reknast ut etter dei same reglane som for personar som er busette i Noreg. Du kan lese meir om dette i brosjyren Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.

Forskotstrekk for inntektsåret 2017

Dersom du er skattepliktig i Noreg for minst 90 prosent av inntekta di og du meiner at skatten vil bli lågare enn 15 prosent av brutto pensjon/uføreyting om den blir rekna ut etter dei vanlege reglane, må du kontakte skattekontoret og søkje om frikort eller skattekort med lågare trekkprosent enn 15 prosent.

Søknader om skattekort med lågare skattetrekk enn 15 prosent vil bli handsama fortløpande. Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort. Du skal ikkje levere noko til dei som betalar ut pensjon/uføreytingar. Dei hentar skattekortet/frikortet elektronisk frå Skatteetaten. Skattetrekksmeldinga blir sendt til den adressa som er registrert på deg i folkeregisteret. Er du e-brukar, får du skattetrekksmeldinga i meldingsboksen din i Altinn.

Fekk du lågare skatt enn 15 prosent ved likninga for 2015 og/eller du har frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent i 2016, treng du ikkje å søkje om frikort/skattekort for 2017. Du treng heller ikkje å sende inn ein eigenerklæring som viser at du framleis er busett i Tyskland og at du ikkje planlegger å flytte til eit anna land i 2017. Skattekontoret skriver ut et nytt frikort på grunnlag av dei opplysningane som dei har om din skatteplikt.

Flytter du frå Tyskland eller du av andre grunnar ikkje lenger er skattepliktig der, må du søkje om nytt skattekort.

Er det trekt meir skatt enn det som står på skattekortet, kan du søkje om nytt skattekort. Skal du ikkje betale skatt i Noreg og du får frikort, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt. Du kan lese meir om dette i artikkelen «Tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon ».

 

 

Krav til dokumentasjon

Når du søkjer om frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent etter reglane for personer busette i eit anna EU/EØS-land, må du opplyse om kven som betalar ut pensjonen/uføreytinga. Du må også leggje ved:

  • ein bustadattest (Certificate of Residence/Steuerliche Wohnsitzbestätigung) som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Tyskland etter skatteavtalen med Noreg
  • ei oppstilling som viser kva for inntekter av pensjon/uføreytingar, lønn og verksemd du reknar med å ha i 2017. Dersom du er gift, må du òg ta med ektefellen sine inntekter. 
  • kopi av di eiga og din eventuelle ektefelle si tyske skattemelding for 2014

Bustadattesten må vere utferda av tyske skattemyndigheiter. Den må vere i original og ikkje eldre enn tre månader.

Dersom du krev frådrag for gjeldsrenter, må du i tillegg leggje ved:

  • ei oppstilling over renteinntekter og andre kapitalinntekter du ventar deg i 2017

Dersom du krev skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar eller du har etterlatnepensjon og krev nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt, må du i tillegg leggje ved:

  • ei oppstilling som viser alt av forventa inntekt, formue, frådrag og gjeld i Noreg og i utlandet i 2017

Likninga for inntektsåret 2016

I 2017 vil alle som er skattepliktige i Noreg, få ei skattemelding i staden for ei sjølvmelding.

Personar som er omfatta av reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar vil få tilsendt ei skattemelding i april 2017.

Meiner du at du kan krevje at skatten vert rekna ut etter dei vanlege reglane i staden for med 15 prosent brutto pensjon/uføreyting, må du levere skattemeldinga og krevje å få skatten rekna ut etter dei vanlege reglane. Du må opplyse om du krev frådrag for gjeldsrenter. Du må også opplyse om du krev skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar eller om du har etterlatnepensjon og krev nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt.

Skattekontoret kan krevje at du sender inn:

  • ein bustadattest (Certificate of Residence/Steuerliche Wohnsitzbestätigung) som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett i Tyskland etter skatteavtalen med Noreg
  • ei oppstilling som viser kva for inntekter av pensjon/uføreytingar, lønn og verksemd du har hatt i 2016. Dersom du er gift, må du òg ta med ektefellen sine inntekter
  • kopi av di eiga og din eventuelle ektefelle si tyske skattemelding for 2016

Bustadattesten må vere utferda av tyske skattemyndigheiter. Den må vere i original og ikkje eldre enn seks månader. Du kan sende inn ein bustadattest som er utferda av tyske skattemyndigheiter før du har fått skatteoppgjeret for 2016 i Tyskland.

Dersom du krev frådrag for gjeldsrenter, kan skattekontoret krevje at du sender inn:

  • ei oppstilling over dine renteinntekter og andre kapitalinntekter i 2016
  • dokumentasjon for renteutgifter du har betalt i Noreg og utlandet i 2016

Dersom du krev skattefrådrag for pensjonsinntekt for alderspensjonistar eller du har etterlatnepensjon og krev nedsetjing av skatten etter dei norske reglane om skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt, kan skattekontoret krevje at du sender inn:

  • ei oppstilling som viser alt av inntekt, formue, frådrag og gjeld i Noreg og i utlandet i 2016.

Leverer du ikkje skattemeldinga, får du 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld også du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Har du ikkje fått skattemeldinga innan 15. april 2017, kan du kontakte Skatt nord.

Personar som ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning og som har private pensjonar/uføreytingar eller krigspensjon

Har du ikkje tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i den norske folketrygda, er du ikkje skattepliktig i Noreg for pensjonar og uføreytingar frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar. Du er heller ikkje skattepliktig for krigspensjon.

Du må sjølv kontakte den som betalar ut den private pensjonen/uføreytinga, og gjere merksam på at du meiner at pensjonen/uføreytinga ikkje er skattepliktig til Noreg.

Får du krigspensjon, må du kontakte skattekontoret. Får du berre krigspensjon, kan du søkje om frikort. Får du alderspensjon også, kan du søkje om eit skattekort med lågare trekk enn 15 prosent. Då må du dokumentera kor stor del av pensjonen som er krigspensjon.

…………..

 

Reglane om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar gjeld berre for deg som er skattemessig emigrert frå Noreg. Er du framleis skattemessig busett i Noreg etter skattelova, skal skatten reknast ut etter dei vanlege reglane. Då skal du liknast av skattekontoret for den kommunen der du budde i Noreg. Føresegnene i skatteavtalen gjeld for deg òg.

Alle førespurnader om kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar skal rettast til:

Skatt nord
Postboks 6310
NO-9293 Tromsø

Tlf. frå utlandet +47 22 07 70 00
Tlf. frå Noreg 800 80 000
e-post: Du må gå inn på www.skatteetaten.no/sendepost for å sende e-post

Hugs å gi opp fødselsnummer eller D-nummer ved førespurnader til Skatteetaten.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.