Har eg krav på heilt eller delvis fritak frå kjeldeskatten på pensjonen/uføreytinga?

Norsk pensjon/uføreyting er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg sjølv om du er skattemessig busett i utlandet. Det let seg ikkje gjere å gje eit generelt svar på om du har krav på fullstendig eller delvis skattefritak. Dei mest aktuelle grunnlaga for lågare skatt enn 15 prosent er:

  • Pensjonen/uføreytinga er heilt eller delvis skattefri etter skatteavtalen med landet du bur i.
  • Pensjonar og uføreytinga frå private tenestepensjonsordningar og andre private pensjonsordningar er skattefrie når du ikkje har tent opp pensjonspoeng eller opparbeida pensjonsbehaldning i folketrygda. 
  • Du kan ha krav på lågare skatt enn 15 prosent dersom du er busett i eit anna EU/EØS-land og minst 90 prosent av inntekta di er skattepliktig i Noreg.
  • Det skal ikkje betalast kjeldeskatt på barnepensjon til barn under 17 år.

Les meir i brosjyren Kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar.