Kva er elektronisk skattekort (skattetrekksmelding)?

Slik fungerer elektronisk skattekort:

  • Du vil ikkje lenger få skattekortet på papir.
  • I desember sender vi deg informasjon om skattekortet (skattetrekksmelding). Der vil du få informasjon om grunnlaget for utrekninga av skattetrekket ditt. Sjekk at grunnlaget stemmer. Er du registrert e-brukar, får du brevet elektronisk i meldingsboksen din i Altinn. Dersom du ikkje har fått meldinga innan 9. januar, kan du ringe til oss.
  • Stemmer ikkje grunnlaget i skattekortet ditt, kan du endre skattekortet.
  • Den som betalar ut pensjonen eller uføreytinga hentar skattekortet ditt elektronisk hos Skatteetaten.