Alle temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser nå regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

Må eg levere skattemelding kvart år?

Du vil få tilsendt skattemeldinga i april 2018.

Meiner du at heile eller delar av pensjonen/uføreytinga er skattefri i Noreg, må du levere skattemeldinga og opplyse om kva for beløp som er skattepliktig i Noreg.

Leverer du ikkje skattemedlinga, blir den rekna som levert med dei førehandsutfylte opplysningane. Du vil då få 15 prosent skatt på pensjonen/uføreytinga ved skatteoppgjeret. Dette gjeld òg dersom du har hatt frikort eller skattekort med lågare trekk enn 15 prosent.

Skatteetaten kan krevje at du sender inn dokumentasjon som viser at du har rett til skattefritak i Noreg.

Fristen for å levere skattemedlinga er 30. april 2018.