Skattekort 2017 - til deg som bur i utlandet og betalar kjeldeskatt på pensjon eller uføreytingar

  • Skriv ut

Skatteetaten har sendt ut informasjon om skattekort for 2017 til deg som bur i utlandet og som har frikort, eller lågare trekk enn 15 prosent på pensjon eller uføreytingar i 2016.

Du treng ikkje å søke om nytt frikort/skattekort for 2017

Du treng heller ikkje å sende inn ein eigenerklæring om skattemessig bustad.

Skattekontoret skriv ut eit nytt frikort eller skattekort for 2017 på grunnlag av dei opplysningane som skattekontoret har om din skatteplikt.

Du får tilsendt informasjon om skattekortet ditt (skattetrekksmelding) i staden for eit skattekort. Her får du mellom anna informasjon om utrekna trekkprosent/frikort.

Meiner du at skattekortet er feil, må du søkje om nytt skattekort.

Alle førespurnader skal sendast til :

Skatt nord
Postboks 6310
NO – 9293 Tromsø

Hugs å gje opp ”vår referanse” som står øvst i det brevet du har fått, når du tar kontakt med Skatteetaten.

Vedlegg

Brevet "Skattekort for 2017" - til personar som har skattefritak etter ein skatteavtale

Brevet "Skattekort for 2017" - til personar som er busette i EU/EØS og som krev skatteberekning etter dei vanlege norske reglane

Skjema "Skattekort 2017 kildeskatt på pensjon - innntektsopplysninger" - RF-1290B

Skjema "Tax deduction card 2017 withholdning tax on pensions - information about income" RF-1290E

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.