Ektefellar med låg pensjon

  • Skriv ut

Ektefellar og meldepliktige sambuarar der den eine har låg alderspensjon etter folketrygdlova eller AFP, kan i visse tilfelle få lågare samla skatt.

For å få lågare samla skatt kan ektefellar og meldepliktige sambuarar ta i bruk ordninga med at dei fritt kan velje kven som skal føre kapitalinntekter/-frådrag i skattemeldinga. Dette kan dei gjere ved å flytte kapitalinntekter over til skattemeldinga til den av dei som har låg pensjon.

Nedanfor finn du ei nærmare orientering om i kva tilfelle det kan vere gunstig å gjere slike korrigeringar i skattemeldinga, og om korleis de kan finne fram til kor store beløp som må overførast for at de skal få lågast mogleg samla skatt.

NB! Dette inneber at de ikkje kan ta i bruk ordninga med leveringsfritak, men at de må levere kvar dykkar skattemelding.

Døme

Døme

 

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.