Eg har ikkje fått utnytta det maksimale skattefrådraget mitt. Korleis skal eg finne ut om eg kan utnytte heile eller berre ein del av beløpet?

Dersom de har kapitalinntekter (renter o.a.) som er førehandsutfylte i skattemeldinga til den ektefellen som har høgast inntekt, lønner det seg å endre skattemeldingane ved å overføre ein del av kapitalinntektene frå skattemeldinga til den som har høgast pensjon / ikkje tek imot alderspensjon, til skattemeldinga til den som har låg pensjon. 

Er det ført kapitalutgifter (renteutgifter o.a.) i skattemeldinga til den av dykk som har låg pensjon, lønner det seg å endre skattemeldingane ved å overføre heile eller ein del av kapitalutgifta frå skattemeldinga til den som har låg pensjon, til skattemeldinga til den andre ektefellen.

Må levere skattemeldinga

Dette inneber at de ikkje kan ta i bruk ordninga med leveringsfritak, men at de må levere kvar dykkar skattemelding. Har de slike kapitalinntekter eller -utgifter som ikkje er førehandsutfylte i skattemeldinga, kan de fritt velje i kven si skattemelding de vil føre desse. 

Flytting av kapitalinntekter eller kapitalutgifter er aktuelt for dykk dersom ein av dykk er alderspensjonist og

  • den eine har så låg pensjon («minstepensjon») at denne personen ikkje får utnytta det maksimale skattefrådraget for pensjonsinntekt, og den andre har eiga inntekt, og 
  • de har kapitalinntekter som er førehandsutfylte i skattemeldinga til den av dykk med høgast inntekt, eller kapitalutgifter som er førehandsutfylte i skattemeldinga til den med låg pensjon.