Skatteavgrensing ved lav alminneleg inntekt

Kven kan få skatteavgrensing?

Ein kan gi skatteavgrensing til personar som får desse behovsprøvde ytingane frå folketrygda:

  • overgangsstønad
    • einsleg mor eller far dersom overgangsstønaden er innvilga 31. mars 2014 eller tidlegare
    • tidlegare familiepleiar
    • attlevande ektefelle
  • etterlatnepensjon
  • pensjon til familiepleiarar

Ein skal gi skatteavgrensing dersom utrekna inntekt:

  • ikkje overstig beløpsgrensen som blir fastsett kvart år av Stortinget (2016: 139 400 kroner). Du skal då ikkje betale inntektsskatt og trygdeavgift.
  • overstig beløpsgrensen og summen av inntektsskatt og trygdeavgift etter ordinær skatteutrekning utgjer meir enn 55 prosent av overskytande beløp (differansen mellom utrekna inntekt og beløpsgrensa).

Utrekning av inntekta

Utrekningsgrunnlaget for skatteavgrensing tek utgangspunkt i alminneleg inntekt (nettoinntekt). Eit eventuelt tillegg i alminneleg inntekt ved utdeling frå ansvarleg selskap (post 2.7.10 eller 2.7.11) skal trekkjast frå. Deretter legg ein eventuelt til:

  • særfrådrag (post 3.5)
  • skjermingsfrådrag i aksjeutbytte og/eller aksjegevinstar

Det skal leggjast til eit sjablongmessig inntektstillegg på 1,5 prosent av eventuell nettoformue som overstig 200 000 kroner. Ved utrekning av inntektstillegget inngår ikkje formuesverdi av primærbustad (dvs. eigen bustad du er fast busett i ved utgangen av inntektsåret) i nettoformuen. Med primærbustad meiner ein her òg våningshus på gardsbruk med naturleg arrondert tomt.

Skattebegrensning ved låg alminneleg inntekt gis automatisk ved skatteberekninga.