Avgrensa skatteplikt

  • Skriv ut

Dersom du oppheld deg i Noreg i inntil 183 dagar i løpet av ein 12-månadersperiode, eller inntil 270 dagar i løpet av ein 36-månadersperiode, er du avgrensa skattepliktig og kan krevje standardfrådrag. Du har krav på standardfrådrag kvart inntektsår så lenge du ikkje oppheld deg i Noreg meir enn 90 dagar per år i gjennomsnitt og ikkje over 183 dagar i ein 12-månadersperiode.

 Nokre døme på frådrag som fell bort når du krev standardfrådrag:

  • frådrag for reise mellom bustaden din i Noreg og den faste arbeidsstaden (arbeidsreise) 
  • gjeldsrenter 
  • frådrag for pendlarkostnader når ein pendlar frå ein heim i utlandet. Dersom arbeidsgivaren dekkjer kostnadene til kost, losji og besøksreiser når du pendlar til bustaden din i utlandet, anten direkte eller ved godtgjersle, må du velje om du vil bli skattlagd etter netto- eller bruttometoden. Nettometoden inneber at ytingar frå arbeidsgivar til dekning av kost, losji og besøksreiser til heimen ikkje skal takast med i skattepliktig inntekt, berre eit eventuelt overskot. Då kan du ikkje      krevje standardfrådrag i tillegg. Bruttometoden inneber at alle ytingar frå arbeidsgivar skal takast med i brutto skattepliktig inntekt. Då kan du krevje frådrag for faktiske kostnader eller standardfrådrag. 

Er du busett i eit anna EU/EØS-land og er avgrensa skattepliktig i Noreg, kan du ha ein utvida frådragsrett når minst 90 prosent av inntekta di av arbeid, pensjon, uføreytingar eller verksemd blir skattlagd i Noreg. Er du gift, må minst 90 prosent av di og ektefellen din si inntekt vere skattepliktig i Noreg. Er minst 90 prosent av alle inntektene dine skattepliktige i Noreg, kan du òg ha krav på gjeldsrentefrådrag.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.