Skatt på latente aksjegevinstar o.a. ved utflytting (utflyttingsskatt)

Oppfyller du krava for opphøyr av skattemessig bustad etter intern rett eller ein skatteavtale, er du skattepliktig for verdistigninga på aksjar o.a. fram til utflyttingstidspunktet. Det beløpet som er skattepliktig, er den gevinsten som ville ha vore skattepliktig dersom aksjane o.a. var blitt realiserte dagen før opphøyr av full skatteplikt.

Desse reglane gjeld òg om du overfører aksjar o.a. til ektefellen din som er skattemessig busett i utlandet.

Skatteplikta omfattar gevinstar knytte til:

  • aksjar og eigenkapitalbevis i norske og utanlandske selskap
  • partar i norske og utanlandske aksjefond
  • partar i norske og utanlandske deltakarlikna selskap
  • teikningsrettar, opsjonar og andre finansielle instrument knytte til aksjar o.a., mellom anna opsjonar i arbeidsforhold

Det er ingen krav til eigardel i selskapet eller eigartid.

Når den samla netto gevinsten (etter tap som gir rett til frådrag) ikkje overstig kr 500 000, er den latente gevinsten ikkje skattepliktig. Når den samla netto gevinsten overstig kr 500 000, er heile gevinsten skattepliktig.

Latente tap gir berre rett til frådrag når ein flyttar til eit anna EU/EØS-land og berre dersom det ikkje blir gitt frådrag i utlandet. Det er berre frådragsrett når netto tap overstig kr 500 000.

Skatteplikta gjeld uansett kor lenge du har vore skattemessig busett i Noreg.

Den latente skattepliktige gevinsten skal reknast ut og fastsetjast ved likninga for utflyttingsåret (dagen før opphøyr av full skatteplikt). Eit latent tap som gir rett til frådrag skal òg fastsetjast ved likninga for utflyttingsåret, men det skal ikkje utliknast før aksjane o.a. faktisk er realiserte.

Oppgåve over aksjar o.a.

Når du hevdar i sjølvmeldinga at bustadsskatteplikta til Noreg er opphøyrt etter intern rett eller ein skatteavtale, må du levere ei oppgåve over alle aksjar o.a. som kjem inn under skatteplikta, og ei utrekning av gevinsten. Dette gjeld uavhengig av kor mange aksjar o.a. du eig. Oppgåva skal leverast på skjemaet «Gevinst og tap på aksjar og partar o.a. ved utflytting» (RF-1141) og sendast inn saman med sjølvmeldinga.

Inngangsverdien for aksjar o.a. blir fastsett etter ordinære reglar. Har du budd mindre enn 10 år i Noreg, kan du krevje at inngangsverdien for aksjar o.a. som du eigde då du blei skattemessig busett i Noreg, skal fastsetjast til marknadsverdien på dette tidspunktet. Inngangsverdien kan likevel ikkje setjast høgare enn utgangsverdien.

Utgangsverdien skal setjast til marknadsverdi den dagen aksjane o.a. blir rekna som realiserte, dvs. dagen før opphøyr av full skatteplikt til Noreg. For børsnoterte aksjar skal ein nytte den gjennomsnittlege omsetningskursen for denne dagen. For ikkje-børsnoterte aksjar og selskapspartar utan kjend marknadsverdi må ein fastsetje verdien ved skjøn.

Utsetje innbetalinga av skatten

Du kan få utsett betalinga av skatten på den latente gevinsten fram til du faktisk realiserer aksjane o.a., under føresetnad av at du stiller tilstrekkeleg sikring for skatten. Du kan få utsett betalinga utan å stille sikring når du flyttar til eit EU/EØS-land og Noreg har ein avtale om at det landet du flyttar til kan utlevere opplysningar om inntekts- og formuesforholda dine og hjelpe til med å krevje inn skattekrav. Du kan òg få utsett betalinga utan å stille sikring når du flyttar til Svalbard. Du må krevje å få utsett betalinga i skjemaet RF-1141.

Realisasjon etter utflytting

Kjem du inn under føresegna om utflyttingsskatt og realiserer aksjar o.a. innan 5 år etter at skatteplikta di har opphøyrt etter intern rett eller skattavtale, må du levere skjemaet RF-1314 "Realisasjon av aksjer og andeler etter opphør av skattemessig bosted i Norge" innan to månader etter at realisasjonen vart gjennomført.

Endring av utrekna latent gevinst

Den utrekna latente gevinsten som er skattepliktig i Noreg, kan setjast ned når du realiserer aksjane o.a. til ein lågare verdi enn den utgangsverdien som er fastsett i samband med utflyttinga. Du kan gi opplysningar om dette i skjemaet RF-1314.

Den utrekna skatten fell bort når:

  • du ikkje har realisert aksjane o.a. innan 5 år etter at skatteplikta di har opphøyrt etter intern rett eller skatteavtale
  • du flyttar tilbake til Noreg og blir skattemessig busett her etter intern rett før du sel aksjane o.a.
  • du blir skatteavtalemessig busett i Noreg før du sel aksjane o.a.

Skattekontoret kan gi nærare opplysningar.