Eigedom i utlandet

  • Skriv ut

Eigedom, leigeinntekter og gevinst ved sal av fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg. Tap ved sal av fast eigedom i utlandet gir rett til frådrag dersom ein gevinst hadde vore skattepliktig. Dette gjeld òg for partar i ferieanlegg («timeshare») i utlandet og partar i utanlandske «timeshare»-selskap når desse blir rekna som fast eigedom.

Skatteplikta til Noreg er avgrensa i nokre av dei skatteavtalane som Noreg har inngått med andre land.

Kva må eg gjere?

I skattemeldinga oppgir du formue og inntekt frå eigedom i utlandet. Skriv òg kva land eigedomen ligg i. Dette må du gjere uansett om formuen og inntekta er skattepliktig eller ikkje. Det er i utgangspunktet også mogleg å krevje frådrag for norsk og utanlandsk gjeld og gjeldsrenter i Noreg. Meir informasjon om lån og renter frå utlandet finn du her.

Formue/likningsverdi

Formue i fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg. Eigedomen kan likevel vere unnateken frå formuesskatteplikt etter skatteavtalen med det landet eigedomen ligg i. Du må gi opplysningar om all formue i fast eigedom i utlandet (land, matrikkelnummer, kjøpsdato, kostpris o.a.). 

Likningsverdi for fast eigedom i utlandet skal fastsetjast etter norske reglar. Eigedomar i utlandet og fritidseigedomar i Noreg skal verdsetjast til maksimalt 30 % av marknadsverdien. 

Nedanfor ser du prosentvise justeringar av likningsverdiar for tidlegare år. Desse justeringane er relevante dersom du har vore eigar av eigedomen i fleire år.

Døme 

Eigedomen er kjøpt i 2009 for NOK 1 000 000. Utrekna likningsverdi for 2009 kan maksimalt vere kr 300 000 (30 % av kr 1 000 000). For 2010 blir likningsverdien forhøga til 330 000 (+ 10 %). For 2011 er likningsverdien uforandra, dvs. kr 330 000. For 2012 blir likningsverdien forhøga til 363 000 (+ 10 %).

År    Auke/reduksjon År Auke/reduksjon
2015 0%    
2014 10% 2004 0%
2013 0 % 2003 –5 %
2012 10 % 2002 0 %
2011 0 % 2001 15 %
2010 10 % 2000 10 %
2009 10 % 1999 0 %
2008 10 % 1998 5 %
2007 10 % 1997 0 %
2006 25 % 1996 0 %
2005 0 % 1995 10 %

Inntekt frå fast eigedom i utlandet

Inntekt frå fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig i Noreg. Inntekta kan likevel vere unnateken frå skatteplikt etter skatteavtalen med det landet eigedomen ligg i. 

Når inntekt frå fast eigedom i utlandet er skattepliktig i Noreg, skal inntekta fastsetjast etter norske reglar. Eigen bruk av bustad/fritidsbustad i utlandet er skattefri på same måten som når bustaden/fritidsbustaden ligg i Noreg. Har du skattepliktige leigeinntekter frå fast eigedom i utlandet, må du fylle ut og levere skjemaet Utleige m.m. av fast eigedom (RF-1189). Det gjeld spesielle reglar for skog- og landbrukseigedomar.

Dersom inntekta frå den faste eigedomen er skattepliktig i Noreg, kan du krevje frådrag i norsk skatt for den utanlandske skatten på inntekta. Krev du frådrag for utanlandsk skatt, må du dokumentere at du har betalt skatt i utlandet. Du må òg fylle ut og levere skjemaet "Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag (RF-1147)".

Gevinst eller tap ved sal av fast eigedom i utlandet

Gevinst eller tap ved realisasjon av fast eigedom i utlandet er i utgangspunktet skattepliktig eller frådragsgivande i Noreg. Ein gevinst ved sal av bustad er skattefri når du har eigd bustaden i meir enn 12 månader, og når du i eigartida di har brukt han som eigen bustad i minst 12 av dei siste 24 månadene før salet. Ein gevinst ved sal av fritidsbustad er skattefri når du har brukt bustaden som eigen fritidseigedom i minst fem av dei siste åtte åra, og dersom han blei seld meir enn fem år etter at han blei kjøpt. Gevinsten kan òg vere unnateken frå skatteplikt etter skatteavtalen med det landet eigedomen ligg i. Når ein gevinst er skattefri etter intern rett eller skatteavtale, har du ikkje rett til frådrag for tap.

Når ein gevinst ved realisasjon av fast eigedom er skattepliktig til Noreg, skal gevinsten eller tapet fastsetjast etter norske reglar. Du må gi opplysningar om eigedomen og om korleis du har rekna ut gevinsten eller tapet. 

Dersom gevinsten er skattepliktig i Noreg, kan du krevje frådrag i norsk skatt for den utanlandske skatten på gevinsten. Krev du frådrag for utanlandsk skatt, må du dokumentere at du har betalt skatt i utlandet.

Du må òg fylle ut og levere skjemaet "Frådrag for skatt betalt i utlandet av person – kreditfrådrag (RF-1147)".

Når formuen eller inntekta ikkje blir skattlagt i Noreg

Når eigedomen ligg i eit land som Noreg har ein skatteavtale med, og skatteavtalen legg opp til at dobbeltskattlegging skal unngåast med den såkalla «fordelingsmetoden», skal formuen og inntekta frå eigedomen ifølgje avtalen ikkje skattleggjast i Noreg.

Sidan formuen og inntekta ikkje skal skattleggjast i Noreg, kan du heller ikkje få fullt frådrag for all gjeld og alle gjeldsrenter du har. Gjeld og gjeldsrenter blir avgrensa til den delen som gjeld formuen din som blir skattlagd i Noreg. Avkortinga skjer etter denne formelen:

sum gjeld eller gjeldsrenter x skattepliktig formue i Noreg(utan eigedom i utlandet)

 


                                samla brutto formue i Noreg og utlandet 

 

Land Noreg har skatteavtalar med

Kva som gjeld for det enkelte land, ser du i lista under. Dersom du ikkje finn landet i lista, inneber det at du skal skattleggjast for formuen og inntekta frå eigedomen, og at du får fullt frådrag for all norsk gjeld og alle gjeldsrenter.

  • Barbados: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Belgia: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld. Dersom du berre eig bustad eller fritidsbustad i Belgia, blir det gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, elles ikkje.
  • Benin: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Bonaire:
    Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Bosnia-Hercegovina: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Brasil: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Curacao:
    Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter
  • Egypt: Inntekt frå eigedomen skal ikkje skattleggjast i Noreg, men formuen skal skattleggjast. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, men det er fullt frådrag for gjeld. 
  • Elfenbeinskysten: Inntekt frå eigedomen skal ikkje skattleggjast i Noreg, men formuen skal skattleggjast. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, men det er fullt frådrag for gjeld.
  • Filippinane: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Indonesia: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Israel: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Italia: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld. Dersom du berre eig bustad eller fritidsbustad i Italia, blir det gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, elles ikkje.
  • Jamaica: Inntekt frå eigedomen skal ikkje skattleggjast i Noreg, men formuen skal skattleggjast. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, men det er fullt frådrag for gjeld.
  • Kenya: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Kina: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter. 
  • Kroatia: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter. Dersom du berre eig bustad eller fritidsbustad i Italia, blir det gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, elles ikkje.
  • Malaysia: Inntekt frå eigedomen skal ikkje skattleggjast i Noreg, men formuen skal skattleggjast. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, men det er fullt frådrag for gjeld.
  • Marokko: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Mexico: Formuen frå eigedomen skal ikkje skattleggjast i Noreg, men inntekta skal skattleggjast. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld, men du får fullt frådrag for gjeldsrenter. 
  • Montenegro: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter. 
  • Pakistan: Inntekt frå eigedomen skal ikkje skattleggjast i Noreg, men formuen skal skattleggjast. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, men det er fullt frådrag for gjeld.
  • Saba:
    Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Sri Lanka: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • St.Maarten:
    Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • St.Eustasius:
    Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Sør-Korea: Inntekt frå eigedomen skal ikkje skattleggjast i Noreg, men formuen skal skattleggjast. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, men det er fullt frådrag for gjeld. 
  • Trinidad og Tobago: Inntekt frå eigedomen skal ikkje skattleggjast i Noreg, men formuen skal skattleggjast. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, men det er fullt frådrag for gjeld.
  • Tunisia: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • USA:
    Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.
  • Zambia: Inntekt frå eigedomen skal ikkje skattleggjast i Noreg, men formuen skal skattleggjast. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeldsrenter, men det er fullt frådrag for gjeld.
  • Zimbabwe: Formue og inntekt skal ikkje skattleggjast i Noreg. Det blir ikkje gitt fullt frådrag for gjeld og gjeldsrenter.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.