Noen temasider og kalkulatorer for hjelp med skattemeldingen (selvangivelsen) viser regelverk og satser for 2016. Innholdet vil være oppdatert med 2017-satser og regelverk før skattemeldingen for 2017 åpner i april.

Utrekning av eigartid i festeforhold ved sal av bustad/fritidseigedom

  • Skriv ut

Når du sel ein bustad/fritidseigedom, er gevinsten som ein hovudregel skattepliktig og eit eventuelt tap frådragsgivande.

Gevinst ved sal av bustad er skattefritt dersom eigaren har eigd eigedomen i meir enn eitt år og brukt han som eigen bustad i minst eitt av dei siste to åra før salet. Sjå skattelova § 9-3 (2). Når du sel fritidseigedom, er gevinsten skattefri dersom eigaren har eigd eigedomen i meir enn fem år og brukt han som eigen fritidsbustad i minst fem av dei siste åtte åra før salet. Sjå skattelova § 9-3 (4).

Du har berre rett til frådrag for tap når ein gevinst ville vore skattepliktig, jf. skattelova § 9-4 (1).

Om utrekning av eigartid ved festa tomt

Etter skattereglane blir festaren rekna som eigar av tomta når festekontrakten varer i over 99 år (også kalla tidsuavgrensa/stetsevarig/evigvarande festekontrakt). Festetida blir òg rekna som eigartid for tomta frå det tidspunktet festaren med heimel i lov eller festekontrakt får ein absolutt rett til å forlengje festeforholdet. Det går fram av Skatte-ABC emne Eiarbegrepet, punkt 4, Særleg om tomtefeste, at festekontraktar som gjeld feste av tomt til bustad-/fritidshus, alltid blir rekna som stetsevarige (tidsuavgrensa), jf. tomtefestelova § 33.

Lov om tomtefeste av 20. desember 1996 nr. 106 (tomtefestelova) § 33 blei endra med verknad frå og med 1. november 2004. Føresegna gir festaren av ei tomt til bustad-/fritidshus ein absolutt rett til å krevje festeforholdet forlengja på same vilkår som før. Dette gjeld både nye og eldre festekontraktar. Det inneber at frå og med 1. november 2004 blir festetida for tomter til bustad- og fritidsføremål alltid rekna som eigartid.

Sal av hytte med innløyst festetomt – døme:

Ein tomtefestar (T) som hadde brukt hytta si som fritidsbustad sidan 2003, løyste inn festetomta i 2009. T inngår salsavtale den 5. november 2009. Frå og med 1. november 2004 blir festetida likestilt med eigartid for tomta. Gevinst ved sal av eigedomen, medrekna tomta, er friteken for skattlegging etter skattelova § 9-3 fjerde ledd.

Hadde T inngått salsavtale før 1. november 2009, ville ikkje kravet til eigartid for den innløyste tomta vore oppfylt. Den delen av gevinsten som knyter seg til tomta, ville derfor ha vore skattepliktig.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.