Skattefri gevinst ved sal av fritidsbustad

Med fritidseigedom meiner vi fast eigedom med bygning som blir brukt til fritidsføremål, til dømes hytte eller landstad. Også andre typar eigedomar kan i enkelte tilfelle bli rekna som fritidseigedom, til dømes leilegheiter i by eller våningshus på nedlagde gardsbruk, dersom dei blir brukte på ein måte som er vanleg for fritidseigedomar.

Det blir i praksis stilt strengare krav når det gjeld å sannsynleggjere fritidsbruk for eigedomar som ikkje framstår som typiske fritidseigedomar. For leilegheiter i by eller andre bustadeigedomar i ordinære bustadområde er fritidsbruk mindre typisk, og for slike eigedomar må du kunne sannsynleggjere ein bruk som er knytt til vesentleg fritidsprega opphald og gjeremål, medrekna kontakt og tilsyn med familie.

Når er gevinsten skattefri?

Gevinst ved sal av fritidseigedom er skattefri:

  • når eigaren har brukt eigedomen som eigen fritidseigedom i minst fem av dei siste åtte åra (brukstid), og når 
  • eigedomen blir seld eller salet blir avtalt meir enn fem år etter at han blei kjøpt og meir enn fem år etter at han blei teken i bruk, eller meir enn fem år etter at han ifølgje ferdigattest var oppført.

Det er berre brukstid i eiga eigartid som blir rekna med. Brukskravet kan oppfyllast for fleire fritidseigedomar samtidig.