Eigedomsskatt - Burettslag og bustadaksjeselskap

  • Skriv ut

Det er burettslaget/bustadaksjeselskapet som eigar av eigedomen som er ansvarleg for eigedomsskatten, og som får ei samla rekning for heile laget/selskapet.

Korleis ein fordeler kostnadene på kvar einskild partshavar, kjem an på vedtektene og føresegnene i det aktuelle burettslaget/bustadaksjeselskapet, men vanlegvis skal kostnadene fordelast etter ein fordelingsnøkkel basert på forholdet mellom verdiane på dei ulike bueiningane.

Kven kan klage på eit eigedomsskattevedtak

I utgangspunktet er det styret og/eller forretningsføraren som representerer burettslaget/bustadaksjeselskapet, som kan klage på eigedomsskattevedtaket. I praksis er det vanlegvis styret eller forretningsførar/advokat (ved fullmakt) som har høve til å klage på vedtaket.

Ettersom ei klage på eigedomsskatten kan ha innverknad på formuesfastsettinga til kvar einskild partshavar, er det Skattedirektoratet si oppfatning at burettslag/bustadaksjeselskap ikkje bør kunne klage verken på bustadverdien for kvar einskild bueining eller på bustadopplysningane for kvar einskild bueining, med mindre partshavaren samtykkjer i klaga eller elles har gitt eit generelt samtykke (til dømes gjennom vedtektene til bustadselskapet).

Kvar einskild partshavar kan berre klage på formuesverdien på si eiga bueining. Dette gjeld bustadverdien og underliggjande opplysningar knytt til bueininga, t.d. byggjeår og P-romsareal.

Ein kan klage på eigedomsskattevedtaket til Skatteetaten på følgjande grunnlag:

  • Oppgitt areal for P-rom, byggjeår, bustadtype eller kvar bustaden ligg (bustadopplysningar) er feil for ei eller fleire bueiningar eller
  • bustadopplysningane i seg sjølve er rette, men formuesverdien på bueininga(ne) overstig dei fastsette maksgrensene i høve til reell marknadsverdi. Bustadverdien er berre Skatteetaten sitt overslag på marknadsverdi, og han blir fastsett ut frå statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) basert på oppgitte bustadopplysningar.

Burettslaget/bustadaksjeselskapet kan krevje å få sett ned formuesverdien dersom dei kan dokumentere (takst / verdivurdering / observerbar omsetningsverdi) at formuesverdien for ei eller fleire bueiningar overstig nærare oppgitte maksimalgrenser. I samband med dette tek ein utgangspunkt i den maksgrensa som gjaldt det inntektsåret bustadverdien er knytt til.

Døme:

For eigedomsskatt som er utskriven i 2017, er bustadverdien henta frå likninga av inntektsåret 2015. For inntektsåret 2015 er dei maksimale grensene for formuesverdi sett til 30 % av dokumentert omsetningsverdi for primærbustad, og 84 % av dokumentert omsetningsverdi for sekundærbustad.

Du sender inn dokumentasjonen saman med klaga. Kvar einskild partshavar kan berre klage på formuesverdien på si eiga bueining. Dette gjeld bustadverdien og underliggjande opplysningar knytt til bueininga, t.d. byggjeår og P-romsareal.

Formuesverdi (likningsverdi) er ikkje det same som bustadverdi

Formuesverdien på bueininga di er alltid lågare enn bustadverdien. Bustadverdien gir uttrykk for ein utrekna marknadsverdi. Formuesverdien blir påverka av om bustaden din er primær- eller sekundærbustad, medan bustadverdien er uavhengig dette. Dersom bustaden er din primærbustad, er bustadverdien vanlegvis 4 gonger høgare enn formuesverdien. Dette gjeld rett nok ikkje i dei tilfella der formuesverdien er sett ned i eit av dei fem siste åra på grunn av dokumentert marknadsverdi.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.