Om formuesverdi

  • Skriv ut

Formuesverdien på bustaden din er førehandsutfylt i skattemeldinga basert på dei bustadopplysningane du har rapportert inn til Skatteetaten. Dersom formuesverdien ikkje står i skattemeldinga, kan du oppgi bustadopplysningane direkte i skattemeldinga som du får i mars/april 2017. 

Elles i året kan du melde inn bustadopplysningar her. Du treng ikkje melde inn bustadopplysningane kvart år. Men du må sjekke at førehandsutfylte opplysninger om eigendommen din i skattemeldinga er korrekte.

Om du treng ei attest på allerede innmeldt verdi kan du bestille ein attest for formuesverdi eigedom. Denne viser total formuesverdi for heile eigedomen. 

Kva opplysningar skal Skatteetaten ha?

Alle bustadeigarar skal rapportere inn opplysningar om:

  • Bustadareal (P-ROM Eller BOA) 
  • Byggjeår 
  • Bustadtype

Desse opplysningane dannar grunnlaget for formuesverdien. Du finn til dømes opplysningar om areal og byggjeår i salsoppgåver og takstdokument.

Eig du bustaden saman med éin eller fleire andre og det berre er areal du må oppgi, er det nok med opplysningar frå éin av eigarane.

Korleis blir formuesverdien primær- og sekundærbustad rekna ut?

formuesverdien blir fastsett med utgangspunkt i ein kvadratmeterpris som blir rekna ut av Statistisk sentralbyrå (SSB). Kvadratmeterprisen skal gi uttrykk for ein estimert marknadsverdi per kvadratmeter og byggjer på statistiske opplysningar om omsette bustader (bustadtype, areal, geografisk plassering og alder).

Det blir òg teke omsyn til om bustaden ligg i eit område som er tett- eller spreiddbygd.

Ut frå kvadratmeterprisane til SSB fastset Skatteetaten årlege kvadratmetersatsar.

Ved formuesfastsettelsen av boligeigendom skilles det vidare mellom bustad eigeren bur i (primærbustad) og andre bustader som ikkje defineres som fritidseigendom eller næringseigendom (sekundærbustad).

For primærbustader vil formuesverdien utgjere 25 prosent av den utrekna kvadratmeterprisen multiplisert med areal. For sekundærbustader utgjer formuesverdien 80 prosent (2016) av den utrekna kvadratmeterprisen multiplisert med areal. For inntektsreåt 2017 utgjer formuesverdien 90 prosent av den utrekna kvadratmeterprisen multiplisert med areal.

Merk at du kan krevje å få sett ned formuesverdien dersom du kan dokumentere at formuesverdien er høgare enn nærmere angitte satsar.

Kva skjer dersom eg ikkje sender inn opplysningane?

Dersom du ikkje har gitt opplysningane innan fristen for å levere skattemeldinga, kan Skatteetaten fastsetje formuesverdien ved skjønn og eventuelt påleggje tilleggsskatt.

Kva bustader skal verdsetjast etter reglane om bustadverdi?

Med reglane om bustadverdi menes den vurdering som skattekontoret fasetsetter på bustadeigendom på bakgrunn av ein gjennomsnittspris per kvadratmeter i din kommune (evt. bydel), basert på bustadens liggjestad, alder, areal og bustadtype.

Reglane gjeld for alle bustadeigedomar med unnatak av våningshus, fritidsbustader, bustader i utlandet og på Svalbard samt næringseigendom. formuesverdien kan berre få konsekvensar for formuesskatten, ikkje inntektsskatten.

Korleis verta formuesverdien berekna på fritidsbustad?

Ved første gongs verdsetjing skal formuesverdi av fritidseigedom (ikkje sekundærbustad) setjast fast til maksimalt 30 prosent av marknadsverdi, eventuelt til 30 prosent av bygjekostnadene, inkludert tomt for eit nybygg.

Ved seinare år skal formuesverdien vidareførast, men med ein eventuell sett fast oppjustering. I skattemeldinga for 2016 skal formuesverdien på fritidseigedom i Noreg ikkje oppjusterast.  

formuesverdien på fritidseigedomar som liggar vesentleg høgare enn takstnivået for samanlignbare eigedomar i kommunen, skal setjast ned når skattytar krev det.

Han som har kjøpt fritidseigedom i løpet av året, skal bruka formuesverdien som tidlegare eigar brukte ved siste fastsetting av formues- og inntektsskatt, ev. oppjustera med sett fast prosentsats. Dersom formuesverdien til selgar er åpenbar feil, må skattytar føre opp ein formuesverdi som maksimalt utgjer 30 prosent av marknadsverdien, med mindre skattytar kan dokumentera eit lågare taksnivå for samanlignbare eigedomar ellers i kommunen.

Korleis verta formuesverdien berekna på bustads- og fritidseigedomar i utlandet?

formuesverdi for fast eigedom i utlandet skal setjast fast etter norske regler. 

Bustads- og fritidseigedomar i utlandet formuesverdsettes etter dei reglene som gjeld for fritidseigedomar, sjå overfor. 

For eigedomar som ikkje tidlegare har fått sett fast ein formuesverdi etter norske regler settes formuesverdien til maksimalt 30 prosent av marknadsverdi i utlandet. Eventuell formuesverdi sett fast av utanlandske skattestyresmakter skal ikkje leggjast til grunn.

Les meir om bustad og formuesverdi på bustad i utlandet her.

Vedlegg

 Ny likningsverdi på bustadeigedomar

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.