Presisering av P-ROMs begrepet for omkledingsrom, garderoberom, garderobeskap og innvendige veggar

  • Skriv ut

Om innerveggar

Når du rapporterer inn arealopplysningar til Skatteetaten, skal du berre ta med areal for primære rom (P-ROM) i bustaden, inkludert innvendige veggar mellom desse. Ytterveggar og veggar mot sekundærrom skal ikkje takast med når du måler arealet på primære rom.

Om omkledingsrom og garderoberom

P-ROM er generelt kjenneteikna ved at dei er naturlege opphaldsrom i bustaden. Takseringsbransjen har definert omkledingsrom som P-ROM, mens eit garderoberom er definert som eit S-ROM (sekundærrom). Kva som er eit garderoberom, og kva som er eit omkledingsrom, må du som bustadeigar vurdere. Dersom det er mogleg å stelle seg i rommet, blir rommet rekna som eit P-ROM (omkledingsrom).

Om garderobeskap

Eit garderobeskap, uansett type, er ikkje eit rom. Dersom eit garderobeskap står i eit P-ROM, er skapet ein del av rommet som skal målast opp. Det inneber at arealet under skapet òg skal reknast med.

Fann du det du leitte etter?

Maks 255 tegn. Kun tall og bokstaver.