Eg har rapportert inn bustadopplysningar, men det er ikkje foreslege nokon formuesverdi i skattemeldinga. Kvifor ikkje? Og kva skal eg gjere?

Opplysningar for utrekning av formuesverdi på bustadseigendommer kan meldes inn til skattekontoret ved bruk av skjemaet RF-1282.

Sjølv om eit slikt skjema er innsendt, kan det vere fleire moglege årsaker til at det ikkje er foreslege nokon formuesverdi i skattemeldinga:

  • Det er rapportert inn større areal enn einebustad over 500 kvadratmeter, småhus over 350 kvadratmeter, leilegheit over 300 kvadratmeter.
  • Det har blitt rapportert inn ulikt areal frå fleire eigarar.
  • Innrapportering er gjort etter 15. februar 2017.

Du må gi opp korrekte opplysningar i skattemeldinga. Dersom du ikkje gjer det, kan Skatteetaten fastsetje formuesverdien ved skjønn.